tirsdag 20. desember 2011

Klassekampen med godt og klargjørende regnestykke

Som du har fått med deg så har det oppstått en del uklarheter omkring prisen på de nye jagerflyene våre. I min leten etter gode og forklarende regnestykker, noe produsenten av flyene av en eller annen grunn ikke har brydd seg om å bidra med, så har avisen Klassekampen gjort en jobb som jeg har fått tillatelse til å gjengi. Artikkelen er av journalist Johan Brox:

I 2008 visste Stortinget at flyprisen på 145 milliardar var i noverdi. I 2011 gløymde dei det.

Då Stortinget i førre veke behandla forsvarsbudsjettet, var det kampflyprosjektet som dominerte. Aftenposten hadde samme dag slått opp at Forsvarsdepartementet i Canada røpa at dei nye F-35 kamplfya vil gå på ein kostnadssprekk på 90 millionar kroner. "Kostnadssprekken" gjekk si seiersgang på NTB og opposisjonen var rasande, Korleis vart 145 milliardar kroner til 235 milliardar? Kva meinte kontreadmiral Arne Røksund då han fortalde dei kanadiske folkevalde at "dette er ikke offentlig ennå, så jeg må være forsiktig"? Førte Forsvarsdepartementet Stortinget og publikum bak lyset? Klassekampen skal så godt vi kan finne ut om kroner alltid er kroner og om ein milliardkroner om tretti år er verdt ein milliard kroner i dag.

Noverdi og reelle kroner
Forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap) forsvarte seg med at dei 145 milliardane kampflyprosjektet skal koste er i "noverdi", medan dei 235 milliardane Røksund nemnde er den sama pengesummen, berre målt i "reelle kroner". Kva er skildnaden? Kostnaden for flya i reelle kroner er summen av alt staten skal betale over tretti år, målt i løpande prisar: Det vil vere som om du summerte alle kvitteringane du har fått frå bilverkstaden dei siste ti åra pluss det du kjøpte bilen for. Men skal ein planleggje milliardinvesteringar over fleire tiår må ein ta med inflasjon og renter. Då får ein kostnaden målt i noverdi, altså med dagens kroneverdi. Om du må betale ein milliard kroner om tretti år, vil tretti år med inflasjon ete opp verdien av kronene før du må betale. Målt i arbeidstimar vil milliarder difor verte langt billigare for deg i 2048 enn i 2018. Den som i dag kunne halde fram å kjøpe kroneis til ei krone stykket, ville hatt det godt. Dessutan: Hadde du hatt ein milliard i dag, kunne du plassert han i banken og fått tretti år med renter. Får du ikkje milliarden før om tretti år, går du glipp av desse rentene. For å finne ut kor mykje mindre ein milliard i framtida er verdt i dag, må ein altså diskontere (ta bort) tretti år med renter.
F-35 og konkurrenten JAS Gripen ordna betalingane svært ulikt. "For å få sammenliknbare tallstørrelser ble derfor kostnadene presentert i nåverdi" skreiv Forsvarsdepartementet i mai. Dei 145 milliardane Stortinget fekk vite om er altså noverdi, eller kor store kostnadene er i 2008-kroner. Det står klart i rapporten regjeringa leverte til Stortinget før dei valte F-35 i 2009.

Omrekninga
Klassekampen har fått tilgang til premissane for Forsvarsdepartementets omrekning frå reelle kroner til noverdi.
  • Departementet har diskontert med ei årleg rente på to prosent.
  • Dei har sett for seg ein inflasjon (prisvekst) på 2,5 prosent i året.
  • Dei har rekna med at kostnadene til flyet vil auke meir enn den generelle prisstigninga, og difor slengt på ei realprisauke på to prosent i året.
  • I tillegg har dei justert opp dollarkursen frå 6,07 kroner i 2008 til 6,45 kroner i 2011.
Går vi ut frå at prisen for 52 fly, 145 milliardar, er fordelt jamt utover 30 år, er noverdien av dei årlige kostnadene 4,8 milliardar. Målt i reelle kroner ser det annleis ut: Sidan inflasjonen og rentene gjer kvar krone mindre og mindre verdt, må ein betale nesten dobbelt så mange av dei i 2048 som i 2018. Noverdien er likevel uendra. Sett med 2008-auge kostar flya 4,8 milliardar kroner i 2018 og 4,8 milliardar i 2048. Med Forsvarsdepartementets premiss vert den samla kostnaden for kampflya 229 milliardar reelle kroner, mot 145 milliardar nålt i noverdi. Vi har altså trylla fram ein "kostnadssprekk" på 84 milliardar og skapt kaos på Stortinget, sjølv om dei to tala seier det samme berre med ulike ord. Kontreadmiral Røksund trefte altså ganske godt då han på ståande fot i Canada rekna seg fram til 235 milliardar i reelle kroner. Eit tal som ikkje var offentlig - ikkje fordi departementet heldt det hemmeleg, men fordi dei opererte med eple og ikkje appelsinar.
Ill.: Klassekampen

Du kan sjekke en video vedr. budajettkrisen i USA og hvordan det kan føre til at B-modellen skrinlegges: http://tinyurl.com/c9raopt

Til sist tar jeg med et annet uklipp fra Klassekampens nettavis i dag.
ROT: Kampfly-produsenten Lockheed Martin fortalte regjeringa at norsk ­industri har fått kontraktar for 540 ­millionar meir enn det som var tilfelle. Forsvarsministeren reagerer på rotet.
- Lockheed Martin har krype til korset og innrømt å ha overrapportert kor store kontraktar Noreg har fått. Det er uheldig at Lockheed Martin har rota i rekneskapen, og vi ventar at dei lev opp til forventingane, seier forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap).
Eit viktig vilkår for kjøpet av 52 F-35-kampfly var at den amerikanske produsenten Lockheed Martin skulle gje kontraktar til norsk forsvarsindustri.
Forsvarsminister Espen Barth Eide forsikra Stortinget i budsjettframlegget for 2012 at norsk industri hadde vunne kampflykontraktar for 435 millionar dollar, eller over 2,6 milliardar kroner, per juli i år.
No har den amerikanske pipa fått ein annan lyd: Lockheed innrømmer å ha dobbeltrekna norske kontraktar, slik at den reelle summen er 346 millionar dollar, eller 2,1 milliardar kroner.
Dimed har kontraktar og arbeidsplassar for 540 millionar kroner fordufta. Stortinget og regjeringa vart altså leia til å tru at norske selskap som Kongsberg og Natech hadde fått 26 prosent større kontraktar enn det som var tilfelle.
«Betydelig nedjustering»
Opplysninga kjem fram i innstillinga frå Stortingets utenriks- og forsvarskomite om forsvarsbudsjettet for 2012, som vart behandla på Stortinget i går.
I innstillinga står det at «Komiteen merker seg denne betydelige nedjusteringen».
- Dette er svært uheldig. Eg håpar departementet går nokre rundar med Lockheed no slik at tala vert korrekte i framtida, seier komiteleiar Ine Marie Eriksen Søreide.
Lockheed Martin skal ha innrømt feilen på eit møte med Forsvarsdepartementets statssekretær Roger Ingebrigtsen seint i november, og sendt departementet endeleg stadfesting på eit seinare tidspunkt.
På grunn av feilinformasjonen frå Lockheed Martin har dimed forsvarsministeren feilinformert Stortinget i forsvarsdepartementets budsjettframlegg.
Det er dårleg nytt i ei tid kor tillita frå forsvarskomiteen til departementet er tynnslite i kampflysaka (sjå undersak).
Forsvarsminister Espen Barth Eide meiner likevel norsk industri ligg godt an i kampflyprosjektet.
- Sjølv etter nedjusteringa er delen norske kontraktar større enn vi rekna med, seier han.

Bildet viser en F-35B. Norge skal ha A modellen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.