Politiet ber no om tips etter at pilotane på eit rutefly som flaug inn over Stranda sentrum på Sunnmøre søndag kveld blei blenda av laserlys frå bakken.
– Dette representerer absolutt ein stor fare for pilotane som blir utsette for det. Lyset fører til at pilotane misser synet ei tid, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt.

Trygve Ødegård - Operasjonsleiar Trygve Ødegård seier laserlys er svært farleg og ber om tips. - Foto: Synnøve Hole / NRK
Operasjonsleiar Trygve Ødegård seier laserlys er svært farleg og ber om tips.
Foto: Synnøve Hole / NRK
Mor til 12-åring melde seg

Også laurdag fekk politiet melding frå ein annan pilot, som fekk problem då han flaug inn over Ulsteinvik. Også der blei piloten blenda av kraftig laserlys frå bakken. Etter ei stund melde ei mor frå om at 12-åringen i huset truleg var syndaren.
– Vi har ikkje fått snakka med 12-åringen endå, så vi veit ikkje kva han tenkte på, seier Ødegård. Ifølgje politiet var piloten svært sint etter hendinga, og har forklart at den som stod på bakken tydeleg søkte etter flyet med lasaren.

Ulovleg og kostbart

Politimannen ristar på hovudet over at folk kjøper laserutstyr. Utstyret gir ein kraftig, grøn laserstråle, og kan altså blende pilotar i fly sjølv frå bakkeplan. Ødegård seier laserutstyret er ulovleg, svært kostbart, og totalt unyttig.
– Eg har endå ikkje klart å begripe kva som er poenget med å kjøpe det. Det er eit heilt unyttig leiketøy, berre eigna til å plage andre, seier Ødegård.

Ber om tips

Politiet har allereie fått ein del tips i Ulstein-saka, men etterlyser no vitne som har sett det som skjedde på Stranda søndag kveld. Operasjonsleiar Trygve Ødegård seier dei får meldingar frå pilotar frå tid til anna, som opplever å bli blenda.
– Dette er ingenting å leike med, og kan få store konsekvensar, seier han.