Vladimir Putin gjekk hardt ut mot Vesten under dagens pressekonferanse i Kreml. Sentrale tema var rubelens fall og Natos ekspansjon. Men også konflikten i nabolandet Ukraina, der Russland er skulda for å hjelpe opprørarane, var eit naturleg tema under årets oppsummerande pressekonferanse.

– Kiev har skulda

Og illustrerande nok hang det eit stort Russlandskart bak Vladimir Putin, der også Krim-halvøya hadde fått bli med på det russiske kartet.

Putin var klar på at situasjonen i nabolandet er prega av lovløyse, men at det også er styresmaktene i Kiev som har skulda for at situasjonen har oppstått.
KYRGYZSTAN-RUSSIA-PUTIN-CONFERENCE - Mange følgde pressekonferansen på TV, også i utlandet. Her ei kvinne i Kirgisistans hovudstad, Bishkek. - Foto: VYACHESLAV OSELEDKO / Afp
Mange følgde pressekonferansen på TV, også i utlandet. Her ei kvinne i Kirgisistans hovudstad, Bishkek.
Foto: VYACHESLAV OSELEDKO / Afp
– La meg forklare problemet, og korleis me kan finne ein veg ut av krisa. Etter statskuppet i Kiev – uansett kva du kallar det, så var det eit statskupp – så byrja dei nye styresmaktene å bruke makt for å få vilja si i Aust-Ukraina. Når ikkje det fungerte sende dei hæren, og når heller ikkje det fungerte byrja dei å bruke økonomiske påverknadar.

– Ingen soldatar får pengar frå Russland

Putin meiner Kievs økonomiske blokade av det austlege regionane er skadelege. Han la vekt på at løysinga i Aust-Ukraina berre kan nåast gjennom politiske verkemiddel, og ikkje ved militære grep eller økonomiske sanksjonar.
  • – Styresmaktene i Ukraina må respektere alle sine regionar om dei ønskjer å oppnå fred, sa han, og understreka at Russland ikkje er blanda inn i konflikten i nabolandet.
På skuldingar om at Russland har soldatar i Ukraina, svarte Putin at folk, som med eiga vilje vil ta del i ein militær aksjon i Aust-Ukraina, er leigesoldatar, og at dei ikkje får betalt av Russland.