Medan det nærast blir fritt fram for bruk av dei aller minste «leikedronene», så blir reglane for droner opp til 2,5 kilo og større stramma kraftig inn. Dette gjeld både for private og profesjonelle.
Det er Luftfartstilsynet som har bestemt dei nye reglane. Heile forskrifta for luftfartøy som ikkje har førar om bord kan du lese her.
– Reglane seier mellom anna at i omkrinsen fem kilometer rundt ei lufthamn så er det flyforbod med droner. Ein kan hente inn løyve frå tårna på flyplassane om å bruke droner innanfor denne sona, men det er basert på ei vurdering som vedkomande i tårnet må gjere.

Ver varsam nær sjukehus

Det seier lufthamnsjef i Førde, Kjell Otto Gjesdal, til NRK. Han er oppteken av at alle private som eig små droner, er nøydde til å setje seg inn i dei nye reglane.
– Dei vanlege veg opp til to og eit halvt kilo, og får ein noko slikt i hovudet så kan jo det vere fatalt. Ungar bør i det heile teke ikkje bruke slikt, for det er jo ikkje noko leiketøy. Det er farlege ting, meiner Gjesdal.
Han slår også fast at droneflyging i ein radius på fem kilometer rundt helikopterlandingsplassen til eit sjukehus er forbode, sjølv om dette ikkje er spesifisert i dei nye forskriftene.

Kjell Otto Gjesdal, lufthamnsjef - Førde lufhamn, Bringeland
VARSAM: Lufthamnsjef i Førde, Kjell Otto Gjesdal, ber folk bruke sunn fornuft og følgje dei nye dronereglane.
Foto: Avinor
– I heile teke å bruke ei drone i slike område er forbunde med store restriksjonar. Ein har ikkje lov å fly over folk eller ansamlingar av folk. Når helikopteret skal inn og ut frå sjukehuset så flyr det jo ganske lågt. Risikoen rundt slike stader er vel så stor som rundt ein flyplass.

Mange nye reglar

Her nokre av reglane alle, både private og profesjonelle dronepilotar må forhalde seg til. Dette gjeld alle slags flygande farkostar utan førar, så lenge dei veg meir enn 250 gram:
  • All flyging med modellfly må skje på en hensynsfull måte som ikkje utsetter luftfartøy, personar, fugler, dyr eller eigedom for risiko for skade eller for øvrig er til sjenanse for ålmenta
  • Modellflyet må til ei kvar tid vere godt synleg for den som fører det slik at full kontroll over modellflyet kan oppretthaldast
  • Flyging med modellfly kan berre skje i dagslysperioden og ikkje høgare enn 120 meter over bakken eller vatnet
  • Ikkje nærare enn 150 meter fra personar, motorkøyretøy eller bygning som ikkje er under fartøyføraren sin kontroll med unntak av under start og landing
  • Ikkje fly over eller i nærleiken av eit område der naudetatane eller Forsvaret har ein innsats
  • Ikkje nærare enn fem kilometer frå ei lufthamn utan løyve frå tårnet