Guten er send til sjukehuset i Kristiansand.

– Skadene er uavklarte. Han har vore bevisst heile tida, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Geir Andersen til NRK.
12-åringen skal ha vore i paraglideren saman med faren då ulykka skjedde. Han er send til legevakta.
Ifølgje politiet er dei to turistar.
Eit ambulansehelikopter var venta å lande cirka klokka 9.15, ein halvtime etter at politiet vart varsla om ulykka av AMK. Ved 9.30-tida tok helikopteret av frå staden.
Ulykka skal ha skjedd i samband med opptrekk av paraglideren frå ein båt.
– Politiet har vore på staden og kriminalteknikarar er varsla i tillegg til Norsk Luftsportsforbund, seier Andersen.
Paraglideren skal ha falle ned får kring seks meters høgde, opplyser politiet.
Politiet vart varsla om hendinga klokka 08.38 tysdag morgon.
Ulykka skal ha skjedd ved Sandstrand i Bygland.
Det pågår eit luftsportsarrangement i Bygland.
NRK oppdaterer saka.