Det er eit seglfly med ein mann om bord som har gått ned.
Personen om bord i flyet er komen på land og blir teken hand om av redningspersonell i ambulanse.
Glidefly landa i Gloppefjorden
FÅR HJELP: Mannskap er ute ved flyet.
Foto: Mattias Bergset / NRK
Flyet fekk problem etter at det tok av frå Sandane lufthamn Anda.
– Siste melding er at mannskapet har kontroll på vedkommande. Han skal vere i grei form, men våt, seier vaktleiar Espen Rysjedal hjå Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.
Flyet skal ha gått ned like vest for Sandane lufthamn, i Gloppefjorden mellom Kleberget og Sandvika.
Flyet er slept til Kleberget.

Gloppefjorde
Flyet gjekk ned i Gloppefjorden mellom Kleberget og Sandvika, ifylgje Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.
Naudetatane fekk melding klokka 12.33 og brannvesenet og ambulanse rykka ut. Politiet er på veg.
NRK sin reporter Mattias Bergset er på plassen. Han seier mannen er uskadd og utanfor fare.
Glidefly landa i Gloppefjorden
Brannbefal Kjell Aske (raud jakke) seier dei først fekk melding om at eit sjøfly hadde styrta.
Foto: Mattias Bergset / NRK
Det stadfestar brannbefal Kjell Aske i Gloppen brannvern.
– Vi fekk melding om at eit sjøfly hadde styrta i Gloppefjorden ved Sandane lufthamn. Då går det nokre tankar om at det er alvorleg og at det haster. Vi visste ikkje kor mange personar det gjaldt. Vi mobiliserte mannskap på flyplassen. Og kalla ut dykkarar frå Vågsøy, seier Aske.
– Men vi fekk raskt avklart at det var eit seglfly. Vi veit ikkje om det var ei udramatisk landing eller ikkje. Piloten er tilsynelatende uskadd og er teken med heim til seg sjølv, seier Aske.