lørdag 12. august 2017

Conrad Mohr, flyger - Les en spennende historie - NRK

Les den fantastiske historien her: http://tinyurl.com/yauggn4s

Det enda med eit brak i Toronto
Krigsflygaren førte 45 nordmenn halve jorda rundt, slik at dei kunne kjempa mot nazistane. Sjølv skulle Conrad Mohr aldri komma tilbake.
PUBLISERT I DAG, FOR 46 MINUTTER SIDEN




Luftkrig og kjærleik
Ei nettforteljing i tre delar om korleis krig øydelegg og drep, men og på forunderleg vis skapar nye og uventa band mellom menneske.
Alt låg til rette for den unge familien. Mange år etter at åtteåringane Eva og Conrad hadde møttest på danseskulen, hadde det unge paret gifta seg og venta barn. Framtida såg lys ut. Så kom krigen som endra alt. Ei lang og fareful reise. Ein liten gut som levde farleg. Ei kvinne som gjekk sin eigen veg, trass eit stort tap. Ein herre i kilt, med rojale venner, som kom svevande inn over den norske hovudstaden, og skulle endra framtida.
Episodar:
·        Åleinemora i den blå uniforma (Kjem snart...)
·        Han kom med freden (Kjem snart...)
Kvar episode er ei sjølvstendig forteljing som kan lesast for seg.
Han var flygaren, familiefaren og forretningsmannen som la ut på den lange flukta. Conrad Mohr reiste frå alt han hadde kjært for å sørga for at fleire titals unge norske menn kunne ta del i kampen mot okkupasjonsmakta.
Gjennom kameralinsa dokumenterte han det heile. Det gjer at me, 76 år seinare, kan vera med på den ufattelege, farlege og spektakulære ferda.
I videoen under får me helsa på han i eit ørlite glimt. I fargar og levande live. Kastar eit flyktig blikk mot eige kamera.

Conrad Mohr hadde to store mål: Å fly nazistane i senk, og å komma heim att.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.