To kablar skadde på botnen av Østersjøen: –
Openbert at det ikkje er eit skipsanker
To
telekommunikasjonskablar har fått påvist skadar, stadfestar styresmaktene det
gjeld. Kablane ligg mellom Sverige og Litauen, og Finland og Tyskland.
VIKTIG KOPLING: Kabelen C-Lion1 er den einaste
direkte koplinga av sitt slag mellom Finland og Sentral-Europa. Her blir den
lagt i 2015 ved militærbasen i Santahamina i Helsingfors, Finland.
Foto: HEIKKI SAUKKOMAA / AFP
Oda Eggesbø Ottesen– JournalistJournalist
Hedda Kurseth– JournalistJournalist
Silja Björklund Einarsdóttir–
JournalistJournalist
Espen Alnes– JournalistJournalist
Publisert i dag kl. 19:49 Oppdatert for 27 minutter siden
Vi oppdaterer saka.
Måndag ettermiddag blei det kjent at ein kabel som sender telesignal
mellom Finland og Tyskland var broten.
Årsaka for den fullstendige kabelsvikten er ukjent. Men i eit samla
utsegn seier utanriksministrane i dei to landa at dei er «djupt bekymra».
– Det at ei slik hending umiddelbart skapar mistanke om medviten
skadeverk seier mykje om dei ustabile tidene vi lev i, skriv dei.
Sjøkabelen C-Lion1 blei først teken i bruk i 2016.
Cinia reknar at ein kabelreparasjon som dette vil ta mellom 5 og 15 dagar.
Foto: HEIKKI SAUKKOMAA / AFP
– Vår europeiske tryggleik er ikkje berre truga av Russland sin
aggresjonskrig mot Ukraina, men også mot hybrid krigføring frå vondsinna
aktørar.
Dei legger til at det er svært viktig for tryggleiken vår at ein vernar
om Europa sin delte kritiske infrastruktur.
Den finske tryggingstenesta Supo seier at rundt 200 sjøkablar vert
øydelagde kvart år, ofte på grunn av menneskelege feil. Det skriv NTB.
Les hele artikkelen her: https://tinyurl.com/3ub3y6bu
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.