Formålet med bloggen er å bidra til informasjon om luftfart av alle slag. Også litt om ubåter og forsvarsspørsmål. Nyheter vil du finne her også, en del på engelsk som er det mest brukte luftfartsspråket. Har du selv noe som bør komme ut, så send meg en mail til per.gram@hesbynett.no
onsdag 17. desember 2014
USA og Cuba - Går motsatt vei av Russland
Russland tyner sine naboer, USA går heldigvis motsatt vei.
Her fra militærmuseet i Havana: Hawker Sea Fury
Foto: Per Gram - 2004
Obama vil endre «utdatert» Cuba-politikk
USAs president Barack Obama varslar ei normalisering av forholdet til Cuba, etter over 50 år med ein politikk som ikkje har fungert.
Cuba har sett fri den amerikanske hjelpearbeidaren Alan Gross (65) etter fem år i fengsel, medan USA set fri tre kubanske etterretningsagentar. Semja om fangeutveksling har ifølgje sett fart i arbeidet for å normalisere forholdet mellom dei to landa.
Obama ynskjer å normalisere forholdet til Cuba, og han trur det vil gjere situasjonen betre for innbyggjarane i begge landa. Han gjorde det klart at 50 år med å isolere Cuba har vore mislukka, og viste til at USA i løpet av den tida har normalisert sambandet med tidlegare fiendar som Kina og Vietnam.
- Eit nytt kaptittel
Både USAs president Barack Obama og Cubas øvste leiar Raúl Castro heldt fjernsynstalar klokka 18, der dei begge varsla at dei to landa skal etablere normalt diplomatisk samband. Obama sa at den nye politikken overfor Cuba startar eit nytt kapittel i amerikansk historie. - Ingen er tente med ein politikk som er grunngitt i hendingar som skjedde for så lenge sidan. Dei siste åra har vist at isolasjon ikkje har fungert. Det er på tide å gi eit nytt svar, sa Obama i talen sin.
Barack Obama sa i fjernsynstalen sin akkurat at han respekterer dei i USA som ikkje er samde med han om den nye politikken overfor Cuba, men han ber dei hugse at dei ikkje kjem til å greie å endre den kubanske politikken ved å ikkje gjere noko nytt. - Todos somos americanos ( vi er alle amerikanarar), sa Obama blant anna.
Han rett også ei varm takk til pave Frans, som har spelt ei viktig rolle i forhandlingane mellom USA og Cuba.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.