tirsdag 14. desember 2021

Carl Benjamin Eielson - Flypioner få kjenner til - Emigrantforlaget

 


Ben Eielson med besteforeldre frå Hallingdal og Telemark klarte det umoglege: Flaug éin-motors fly frå Alaska til Spitsbergen på 22 timar

Pionérpiloten Ben Eielson ved Lockheed Vega-flyet som klarte turen frå Alaska til Spitsbergen. Foto: Eielson Museum.


    Carl Benjamin Eielson med norskfødde besteforeldre, blei ein verdskjend pilot og pionér med dristige flygeturar i arktiske strøk. Som ein Roald Amundsen i lufta. Eit annet fellestrekk, dei døydde begge i hjelpearbeid for andre. Eielson så langt borte som i Sibir.

Eielson, som brukte Ben som førenamn, blei i mellomkrigstida verdskjend. Også i Noreg der folk hylla han etter han flaug frå Alaska til Spitsbergen. Kong Haakon 7 gav han audiens. Og utmerkingane Eielson fikk i USA og mange andre land, er utallege. Norsk Aero Klubb heidra han med gullmedalje.

Men mykje kjend er han ikke her i landet, og heller ikkje det norske miljøet i USA. Han er ikkje omtalt i sentrale historiebøker om det norske Amerika. Men nå har bladet Telesoga, som Telelaget i Amerika gir ut, heidra han med ein stor og grundig artikkel som Dr. Lawrence Moe har skrive. Med løyve nyttar vi den som grunnlag for denne artikkelen.

Carl Benjamin blei fødd i Hatton i Nord-Dakota i 1897. Faren var Ole Eielson. Hans foreldre var Even (Eivind) Eielson og Gunnhild Strand. Evens far var Egil Gullaugsen frå Treungen og Ingebjørg Eivindsdatter Øvreboe frå Kviteseid.

Foreldra til mora  Olava  var Ellen (skrive slik) Baardson Otterplass, og Kari Ostendatter Sønstebyeie, begge frå Flå. Dei gifta seg i Flå kyrkje 3. mars 1861, og emigrerte same året til USA.

Mora til Ben, Olava, døydde da Ben var fjorten år.

Mor Olava og far Ole med Ben på fanget, mens Edwin lener seg mot Oles kne og jenta er Elma. Foto: Eielson Museum.

Dyktig student

Benjamin tok eksamen ved Hatton High School og byrja på Nord Dakota Universitet. I følgje Moe var han ein suksessrik student, atletisk og god til å debattere. Professorane oppmoda han til å studere jus, noko han så gjorde på University of Wisconsin.

Han blei der bare eitt semester. USA kom med i første verdskrig, og Ben blei med i eit korps for å utdanne seg som flygar for å delta i krigen i Europa.

Farens hans Ole var sterkt imot flyging, som han såg på som verdilaust, upraktisk og farleg. Men fleire og fleire innsåg at flyging hadde framtida for seg. Ben blei ein ivrig student.
Men verdskrigen slutta nokre veker før Ben skulle dra til Europas. Løytnant Eielson reiste heim til Hatton, og kunne knapt snakke om anna enn flyging.

Portrett av Ben Eielson, kjend som ein beskjeden mann. Foto: Eielson Museum.

Flyentusiast

Han fekk vener med på å investere i flyklubben “Hatton Aero Club”. Dei kjøpte eit toseters fly med open cockpit, “Jenny”.

Frå Minneapolis flaug Ben Jenny heim til Hatton. Der fekk ho luft under vingane dagen lang. Han synte innbyggjarane på heimstaden kva for kunstar han kunne gjere med Jenny. Folk betalte for å bli med på ein tur. Men faren Ole sa nei til slike turar. Og da Ben hadde ei oppvisning i Climax, Minnesota, fekk han sanneleg eit anti-klimaks, flyet datt ned. Men Ben var uskadd og parkerte flyet i hagen. Faren ville brenne det, og ville at Ben skulle halde fram med studia på Universitetet i Nord Dakota. Han gjorde det, og fekk eksamen i 1921. På fritida stelte han vel med Jenny og fekk reparert henne.

Så drog han til Georgetown Universitet i Washington DC for å studere jus. Der blei han kjend med Daniel Sutherland, som representerte Alaska-territoriet i kongressen. Han var like fascinert av Alaska som Ben var av flyging.

Ben gav opp studia, og flytta til Fairbanks i Alaska. Han fekk jobb som lærar, men snakka aller helst om flyging. Folk flest meinte kalde Alaska ikkje var skapt for fly, men Ben meinte noko anna.

Saman med redaktør W.F. Thompson etablerte dei “Fartherest North Airplaine Company”. Dei kjøpte Bens fly Jenny. Og nå vart det oppvisningar i Fairbanks, ikkje minst i samband med besøket til president Harding. Og oppdraga kom i fleng. Dei frakta varer og flaug legar til sjuke. Etter ti dagar hadde dei betalt flykjøpet.

Bål lyste opp

I løpet av nokre månader i 1923 hadde Ben floge 19. 000 kilometer. Han brukte ein halv time der folk måtte bruke seks dagar til fots.

Så tok han ein pause i flyginga og drog til Washington. Han ville få ein kontrakt på flyging. Det var ikkje lett, folk så på flyging som farefullt., særleg i Alaska. Men han fekk ein kontrakt på å fly post frå Fairbanks til McGrath, 50 mil unna. Postverket stilte eit flott fly til disposisjon. 21. februar 1924 flaug Ben den første flypostruta i Alaska. Store menneskemengde feira han i begge byane.

Men å bli feira kan ha sine negative sider. Han blei så lange i McGrath at det var mørkt då han nærma seg Fairbanks. Men folket som venta han der, var omtenksomme og tende bål. Men likevel litt for lite omtenksomme, båla vart tende midt på flyplassen! Han måtte ta ei tøff landing, og flyet vart litt skadd, men Ben var uskadd.

Ben rapporterte til postdirektøren for heile USA, som i eit møte i kabinettet fortalte om hendinga. President Coolidge blei så imponert at han bad dei sende gratulasjonsbrev til Ben.

Flykonsulent

Men dårlege landingsplassar gjorde at det vart fleire skadar på flyet, og postverket braut kontrakten. Ben drog attende til universitetet for å studere jus igjen. Han var der bare tre veker før han avbraut studia for godt, og fekk jobb i Army Air Service som konsulent for flyging i kaldt ver.

Men han fekk lite støtte for sin tanke om Alaska som base for flyging til Orienten.

Han drog heim til Hatton. Truleg til glede for faren.

Ny tid

Men så kom det telegram frå australske George Hubert Wilkins. Han ville utforske arktiske strok, og folk hadde tilrådd han å bruke Ben som flygar. Wilkins ville fly over sjøområde i arktiske strok på leiting etter fast land. Wilkins fekk stor støtte til ekspedisjonen, og fekk nok av både fly, mekanikarar og pilotar.

Ben og Wilkins flaug til Alaska for å etablere ein base i Barrow. Det var ei strekning på 800 km. Ingen hadde floge den strekninga utan mellomlanding. Då dei var over Endicott-fjella oppdaga dei at fjella var høgare enn kartet synte. Dei hadde for stor last til at dei kunne fly over, så Ben måtte fly gjennom smale passasjar. Det gjekk så vidt.

I 1927 heldt dei fram med utforskinga. Ein ny ekspedisjon var klar. 29. mars flaug Wilkins og Eielson frå Barrow inn i ukjend land. Etter 800 km begynte motoren å harke. Ben måtte lande flyet, for første gong på is. I ekstrem kulde prøvde dei å få motoren i gang. Ben forfraus ein finger. Men dei greide det utrulege – å ta av. Men etter ei tid stoppa motoren for godt. Temperaturen var minus 40 C. Wilkins kalkulerte med at dei var 100 km frå Barrow.

Krype og gå

Skulle dei overleve, var det berre ein ting å gjere, gå. Gå og krype. Dei var vel utstyrt i eskimoklede og hadde godt med mat og verkty og rifle så vel som navigeringsutstyr. Men ferda var farleg. Snart låg dei på magen og kraup framover. Wilkins gjekk gjennom isen. Men dei greidde seg, og kom fram til Barrow 18 dagar etter dei vart tvungne til å lande. Då hadde dei tatt seg fram over ei strekning på omlag 200 km. Dei hadde bevist at dei kunne lande på pakkis og klare å ta av frå isen. Og at dei om nødvendig kunne ta seg fram til fots. Dessuten hadde dei fått svar på om det var landområde nord for Alaska. Det var det ikkje etter det dei hadde sett.

Flaug i 22 timar

Ben måtte amputere ein finger på grunn av frostskade, men gav ikkje opp flyginga. Wilkins ville fly over havområdet nord for Canada. Dersom dei ikkje fann land, skulle dei fly til Norge, på andre sida av jordkloden.

Det var eit dristig prosjekt. Avstanden var 3500 km. Ingen hadde før tatt ein slik tur i arktiske strok til to kontinent. Flyet Lockhead Vega hadde ein motor.

Ville dei klare seg i ekstrem kulde og snø? Roald Amundsen sa det var umogleg å greie ein slik tur.

Dei var førebudd på problem. Hadde mat meg seg for fleire månader i tilfelle naudlanding.
Den 15. april letta dei frå Alaska, med kurs for Norge. I elleve timar flaug dei over område som menneske aldri hadde sett før. Så flaug dei sør for Grant Land for å forvisse seg om at dei hadde rett kurs. Kom ut for snøstorm, og vurderte å lande. Men gjorde det ikkje, dei var redde dei skulle bli ståande.

Etter 22 timar i lufta såg dei fjell på Spitsbergen. Dei klarte å lande. Men snøstorm førte til at dei måtte bli i flyet i fem dagar før dei kunne prøve å kome vidare.

Den 21. april fekk dei gravd ut flyet, greide å lette og såg Green Harbour der dei landa. Derifrå gjekk telegram verda rundt. Dei to hadde klart det umoglege, nå var dei verdskjende.

Dei fekk plass på eit skip og drog til Tromsø, så til Trondheim, Bergen og Oslo. Mottakinga var overveldande. Og ekstra spesielt, Ben helsa nordmennene på norsk. Dei møtte Roald Amundsen som med eigne augo såg dei hadde klart det. Og dei drog vidare til Sverige, Danmark, Tyskland, Belgia, Holand, Frankrike og Storbritannia. Så til New York. Med Vega flaug dei til mange stader i USA og fekk overveldande mottaking. Og sjølsagt fekk Ben det same i Hatton, heimstaden hans. Han var nok stolt, faren Ole, men kanskje også redd framtida til sonen.

Nye oppdrag

Ben ville meir. Han blei den første piloten som flaug med same flyet både i Arktisk og i Antarktisk. Og som klarte både å lande og ta av i Antarktis.

Attende i New York blei det meir stas. President Hoover tok imot han i Det kvite hus.
Nå var det lettare å få folk med på å bruke fly som transportmiddel. Ben og andre etablerte selskapet Alaskan Airways, Inc.

Ben og hans medpilotar fekk oppdrag på oppdrag. I oktober 1929 skreiv Ben under på ein kontrakt verd 50.000 dollars, ein enorm sum den gong. Han skulle fly 15 personar og last, særleg pelsvarer, frå det amerikanske skipet Nanuk, som stod fast i isen på Sibir-kysten. Det var ein tur på 800 km. Fly, pilotar og mekanikarar vart plasserte på ulike stader.

Seint i oktober nådde Ben og ein annan pilot Nanuk. På veg attende måtte dei gå ned i ein eskimo-landby og vente der i fem dagar på grunn av tåke. Rykta gjekk om at Ben nok ein gong var blitt borte på ein tur. Men hadde alltid kome attende. Også denne gongen gjekk det bra, dei kom attende til Teller i Alaska.

Men Ben bestemte seg for å ta ein tur til saman med mekanikaren Earl Borland. Men dei kom ikkje fram til skipet, og heller ikke attende til Teller.

Siste reis

Nå vart dagar til veker. Ingen Ben å sjå. Trass i at USA og Sovjet ikkje hadde diplomatiske samband, gjekk dei saman om å leite. Bens ven Joe Crossan var mellom dei som leitte med fly. Den 25. januar, 77 dagar etter Bens siste take off, såg han ein underleg skygge i snøen. Han landa, 145 km frå Nanuk. Det var ein ving på flyet til Ben han såg. Forgassaren stod på full gass, høgdemålaren synte 1000 feet. Det fekk Jo til å tru at dei var svært langt nede då Ben såg ein liten bakke framfor seg. Han gav gass, men forgjeves.

Nokre dagar seinare fann dei begge dei to omkomne, Ben og Earl.

Lika vart frakta med fly til Nanuk, så til Teller, Nome ag Fairbanks. Seinare til Seattle der Borland vart gravlagd. Ben kom til Hatton 25. mars. Fem tusen menneske kom til gravferda. Ein av dei var faren, Ole. Han døydde året etter.

Pionerflygaren Ben Eielson fekk enorm merksemd. Skolar, vegar. bygningar, skip, fly vart oppkalla etter han. Og sjølvsagt eit museum i heimbyen, Eielson Museum.
Ni bøker om han er utgjevne i USA.

Ben har fått namnet sitt og omtale i hus der andre berømte kvinner og menn er heidra, som i Alaska Aviation Hall of Fame, og i National Aviation Hall of Fame. I 1997 gav staten Nord Dakota Ben den høgste utmerkinga dei har, Rough Rider Award.

Mellom dei som var til stades var Dr. Lawrence Moe. Han konkluderer sin artikkel slik: – Hans største gåve av alle er Bens vedvarande kraft til å inspirere.

Porten inn til grava. Foto: Darrel Johnson.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.