tirsdag 11. oktober 2022

El fly - Sola er klar i 2026 - Stavanger Aftenblad

 

 

Tar neste steg mot elfly på Sola: – Framtida kjem veldig fort

Med solceller og batteri frå eit lokalt selskap vil flyplassen vera klar for å hurtiglada elfly i 2026.

I juni kom Noregs einaste elektriske fly på besøk til Sola. Ingvald Erga, fagansvarleg for ytre miljø på flyplassen, fekk vera med på flytur.Foto: Jon Ingemundsen / Stavanger Aftenblad

Kristine M. Stensland

Journalist

Publisert: Publisert:

I dag 11:17

1.        

– Me har fått ein stor ordre på ein batteripakke. Med ambisjonane til flyplassen, så er dette berre starten, seier Aksel Kverneland.

Han leiar Kverneland Energi, det lokale selskapet som har sørgd for at Sola flyplass dekker sju prosent av eige straumforbruk med eigenprodusert kraft frå ti mål med solcellepanel.

No er bestillinga frå flyplassen utvida til å også inkludera ein batteripakke som kan lagra 600 kilowattimar.

– Det er nok til å lada eit fly som skal til Oslo, eller seks Teslaar, seier Kverneland.Aksel Kverneland og Kverneland Energi tener pengar på fornybar energi. I fjor hadde selskapet 112,7 millionar kroner i inntekter, og resultatet før skatt blei 11,5 millionar kroner.Foto: Jon Ingemundsen / Stavanger Aftenblad

Hurtiglading av elfly

– Framtida kjem veldig fort mot oss når det gjeld auka elektrifisering, seier Ingvald Erga, fagansvarleg for ytre miljø for Avinor på Stavanger lufthamn.

Flyplassen har allereie no behov for å tilby lading til bussar og anna utstyr som i gradvis blir meir og meir elektrisk.

– Men det store spranget for oss blir når det fyrste elflyet kjem. Slike fly skal vera i marknaden i 2026, seier Erga.

Det er dette året han håper at ei tidlegare lansert elfly-rute mellom Stavanger og Bergen kjem til å bli verkelegheit. Han ser føre seg ei flåte på seks fly med ni seter i kvart av dei.

LES OGSÅ

Tror på verdens første elfly-rute mellom Stavanger og Bergen i

 

2026

Då er det nødvendig at flyplassen har på plass monaleg med ladekapasitet.

– Eit elfly kan representera ei heil lufthamn i effektforbruk. Skal ein få eit fly klart til å ta av på ein halvtime, så må ladinga gå fort, seier Erga.

Som ein del av prosjektet Elnett 21 har flyplassen jobba systematisk for at dette skal vera mogleg å få til. Batteripakkar, solceller, straumsparing og reduksjon av forbruk er viktige brikker.

Erga ventar at når dei fyrste elflya fyrst er på plass, så vil bruken av denne teknologien raskt ta av.

Mikronett

Men batteripakken som kjem på plass i vinter, skal spela ei viktig rolle også i åra før elflya er klare for take off, i samspel med solcellepanela. For det er slett ikkje alltid at sola skin sterkast når ein treng mest straum.

– Batteripakken blir no ein del av eit mikronett og kan bli brukt til å frigje effekt når ein treng det, seier Erga.

Med batteri kan flyplassen dessutan avlasta det regionale nettet ved å kjøpa straum på tidspunkt der etterspørselen elles er låg.

– Avinor er statleg eigd. Når me bygger noko, er det sunn fornuft at me også skal vera til hjelp for omgjevnadane, seier Erga.

Ifølgje kartleggingar dei har gjort, kan det vera plass til heile 200 mål med solceller på flyplassområdet.

– Det kan i tilfelle produsera tilstrekkeleg med kraft til lufthamna vår dei fyrste åra med elfly, seier Erga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.