fredag 11. januar 2013

Ryanair provoserer

Michael O`Leary har fått lue a la Thon for anledningen, når han annonserer interessen for å drive innenriks i Norge på spesialavtaler. Han får støtte fra FrP`s Bård Hoksrud som, i følge Klassekampen, vil legge ned Avinor som i dag setter ned foten for Ryanair. Vel, de ønsker iallefall å se på hele Avinormodellen, altså noe moderert senere i artikkelen. Høyre vil foreløpig ikke ha noen endring, sier Lars Myraune (H). Fagbevegelsen ser annerledes på det:
Krev at Ryanair får flynekt
FORNØGD: Ryanair-sjef Michael O’Leary avviser at flyselskapet er verst i klassen når det kjem til arbeidsvilkår. - Vi er vidunderlege, seier han.

Krev at Ryanair får flynekt

LUFTKRIG: Ryanair vil inn på det norske rutenettet, men får ei samla norsk fagrørsle mot seg.
Det irske lågprisselskapet Ryanair har tatt i mot 12 millionar passasjerar til og frå Noreg. No vil dei utvida til å fly innanriks i Noreg, vonleg innan tre år. Det får ei samla norsk fagrørsle til å sjå raudt.
- Ryanair er eit fagforeiningsfiendtleg selskap og nektar sine tilsette å organisera seg og inngå kollektive avtalar. Norske styresmakter bør ikkje sleppa eit slikt selskap inn på marknaden, seier førstesekretær Trine Lise Sundnes i LO til Klassekampen.
Ho får følge av YS-leiar Tore Eugen Kvalheim:
- Det er ingen grunn til at Avinor skal la Ryanair fly innanlands slik dei handsamar sine tilsette, seier han.
Internasjonal konflikt
Det er ikkje berre i Noreg fagrørsla har reist bust mot det irske lågprisselskapet. Ilo, FN sin arbeidslivsorganisasjon, har nyleg køyrd ein eigen prosess mot Ryanair for brot på retten til kollektiv organisering. Retten til fagorganisering og kollektive forhandlingar er blant kjernekonvensjonane i Ilo, konvensjonar dei fleste land i verda har tilslutta seg.
- Ilo har slått hardt ned på Ryanair sin praksis. Ryanair-sjef Michael O’Leary har sjølv uttalt at han ikkje vil ha noko med fagforeiningar å gjera, og selskapet har stilt som vilkår for vidareutdanning at pilotane ikkje skal fagorganisera seg. Eg voner verkeleg at Avinor held tunga rett i munnen her, seier Sundnes.
- Men kan Avinor stilla krav til korleis eit selskap ordnar arbeidsforholda sine?
- Dei bør kunne stilla krav om at selskapa i det minste respekterer Ilo sine kjernekonvensjonar.
Har alle mot seg
LO og YS har til saman over ein million medlemmer, men det er ikkje berre dei som er kritiske til Ryanair.
Knut Aarbakke, leiar for Akademikarane, som organiserer 163.000 høgt utdanna, seier til Klassekampen at dei har som klar praksis at korkje deira tilsette eller tillitsvalde nyttar Ryanair til tenestereiser.
- Vi ønsker ikkje at dei skal etablera seg i Noreg. Vi treng seriøse aktørar i norsk luftfart, og vi meiner Ryanair er fagforeiningsfiendtlege. Det reagerer vi kraftig på.
Også Unio, som organiserer 300.000 tilsette med høgare utdanning, mislikar tanken på Ryanair i norsk innanriksfart.
- Det er eit selskap eg meiner ingen bør nytta. Dei driv systematisk dumping av vilkår, seier leiar Anders Folkestad.
Oppmodar til boikott
YS er den fagorganisasjonen som går lengst. I tillegg til ikkje sjølve å nytta flyselskapet oppmodar dei også alle sine medlemmer til ikkje å fly med Ryanair.
- Så lenge arbeidsvilkåra ikkje er ivareteke vil vi halda fram med å oppmoda våre medlemmer til ikkje å fly med Ryanair. Det er ein grunn til at dei kan tilby så låge prisar. Det burde norske forbrukarar tenka over, seier Tore Eugen Kvalheim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.