Les hele artikkelen her: https://tinyurl.com/29uyeuh9
Flygerforbundet skuldar staten for sosial dumping etter avtale med dansk
selskap
Norsk Flygerforbund krev at staten annullerer kontrakt med dansk flyselskap. Opposisjonen vil ta opp saka med samferdselsministeren.
VANN KONTRAKT: Det danske flyselskapet DAT byrja denne veka å fly mellom Oslo og Florø. Eit litauisk dotterselskap står for operative drifta.
FOTO: BIRGER MELAND / NRK
Sunniva Grimstad HestenesJournalist
Jo Arne MarvikJournalist
Håvard NyhusJournalist
Publisert i dag kl. 06:12 Oppdatert for 3 timer siden
Del på Facebook Del på Twitter Del på epost
– Dette er sosial dumping, subsidiert av norske skattekroner, seier
leiar for yrkesorganisasjonen Norsk Flygerforbund, Yngve Carlsen.
I eit brev til Knut Arild Hareide oppfordrar han samferdselsministeren
til å annullere kontrakten med det danske flyselskapet DAT.
Bakgrunnen for brevet er at danskane denne veka byrja å fly mellom Oslo
og Florø.
Det danske selskapet vann kontrakten saman med eit litauisk
dotterselskap. Det er dotterselskapet som drifter propellflya og skal fly
strekninga.
Bemanninga vil vere ein kombinasjon av danske og europeiske tilsette
med base i høvesvis Danmark og Litauen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.