FN-rapport: – Terskelen for folkemord er
nådd
Det er
grunn til å tru at Israel har drive handlingar som kan reknast som folkemord,
viser ny FN-rapport. Israel og USA avviser skuldingane.
Kristina Opheim
Kjelde: NRK/NTB
Publisert i dag kl. 06:54 Oppdatert for 39 minutter siden
– Dei israelske angrepa
sitt omfang, karakter og dei destruktive levevilkåra dei har ført til, avdekker
ei hensikt om å fysisk øydelegge palestinarane som gruppe, heiter det i rapporten.
Orda er ført i pennen av Francesca Albanese, FN sin
spesialrapportør for dei palestinske områda.
Albanese meiner det er tydelege indikasjonar på at Israel har
brote tre av fem lover i FN sin folkemordkonvensjon.
Rapporten peikar også på teikn til etnisk reinsing.
Les ogsåFNs sikkerhetsråd krever umiddelbar våpenhvile i Gaza
Israel nektar
Israel sin diplomatiske delegasjon i Genève reagerer sterkt på
dei grove skuldingane og seier at dei «fullstendig avviser rapporten».
– Dette er berre ei forlenging av ein kampanje for å undergrave
den jødiske staten, heiter det i eit utsegn.
Ein anonym amerikansk tenestemann seier til nyheitsbyrået AFP at
USA «ikkje har nokon grunn til å tru at Israel har drive folkemordhandlingar i
Gaza».
Sjekk hele artikkelen her: https://tinyurl.com/5n6kfwet
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.