mandag 2. juni 2025

KNM Helge Ingstad havariet - Forlik - NRK

2. Juni 2025 kl. 18:50

Forsvarsdepartementet og verftet Navantia har inngått forlik i Helge Ingstad-saka

Staten har inngått forlik med det spanske verftet som bygde fregatten Helge Ingstad. Det melder Forsvarsdepartementet i ei pressemelding.

Staten kravde over 13 milliardar kroner frå verftet Navantia, som erstatning for konstruksjonsfeil på fregatten.
Denne feilen bidrog til at Helge Ingstad havarerte i Hjeltefjorden i 2018, meinte regjeringsadvokaten.

Foto: Forsvaret

Forliket inneber at Noreg får rabattar på kring 550 millionar kroner på kontrakter om teknisk støtte og oppgraderinga av dei norske fregattane, skriv departementet.

Fregatt-striden er ute av verda – staten kravde 13 milliardar, inngjekk forlik og får ein halv milliard.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.