No vert desse stripene rekna som skyer
For første gong på 30 år vert den internasjonale skybibelen oppdatert. Menneskeskapte skyer er blant nyvinningane.
Det er ikkje noko kva som helst atlas som vert lansert torsdag 23. mars. The International Cloud Atlas vert gitt ut av Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) og er sjølve rettesnora for all kunnskap om skyer. Reine bibelen for dei som interesserer seg for kondensdottar på himmelen.
Det er i følgje National Geographic 67 år sidan sist ei ny sky vart anerkjend. Denne gongen er det ei heil rekkje namn dei skyinteresserte må venna seg til.
– Når WMO kjem med eit nytt skyatlas må meteorologar over heile verda forholda seg til det, seier statsmeteorolog Anders Doksæter Sivle ved Meteorologisk institutt.
Å skilja mellom dei ulike skytypane – det finst nærmare hundre ulike variantar – kan vera kompliserte saker for dei aller fleste. Nedst i artikkelen kan du finna fem skytypar som meteorologen meiner folk flest kan ha glede av å læra seg.
– Tidlegare har ein klassifisert «flystriper» som fjørskyer, vel å merka viss dei har overlevd ei stund. Men når det vert gjort mange observasjonar som ikkje passar inn i det vanlege systemet, er det naturleg at dei får eit eige namn, seier Doksæter Sivle.
Kondensstriper som vert «hengande» lenge kan faktisk ha innverknad på vêret.
Også skyer forårsaka av til dømes skogbrannar, fossefall, metting av luft over skog og av menneske har fått plass i den offisielle skyoversikta.
Desse relativt sjeldne skyene er kjenneteikna ved at dei er lange og røyrforma, og rullar rundt ein horisontal akse.
Den skyformasjonen som har vore mest omtalt i forkant av lanseringa, er òg av det spektakulære slaget. Sidan 2009 har entusiastar kjempa for at skyformasjonen asperitas skulle få ein plass i det gode selskapet. Og slik vart det.
– Ein får ei meir presis inndeling. Det gjer det lettare å snakka med kvarandre om desse skyene. Presis kunnskap om skyer er heilt avgjerande i meteorologien, seier statsmeteorologen.
Mange av dei nye skyformasjonane har enno ikkje fått norske namn. Anders Doksæter Sivle kan forsikra om at namnediskusjonen har vore i full gong lenge.
Det er i følgje National Geographic 67 år sidan sist ei ny sky vart anerkjend. Denne gongen er det ei heil rekkje namn dei skyinteresserte må venna seg til.
Å skilja mellom dei ulike skytypane – det finst nærmare hundre ulike variantar – kan vera kompliserte saker for dei aller fleste. Nedst i artikkelen kan du finna fem skytypar som meteorologen meiner folk flest kan ha glede av å læra seg.
- LES OM SKYFORSKING: Førebur verdas største eksperiment
«Flystriper» er skyer
Den mest folkelege nykommaren på lista er homogenitus – menneskeskapte skyer. Bak det latinske namnet skjuler mellom anna kondensstripene frå fly seg.
– Tidlegare har ein klassifisert «flystriper» som fjørskyer, vel å merka viss dei har overlevd ei stund. Men når det vert gjort mange observasjonar som ikkje passar inn i det vanlege systemet, er det naturleg at dei får eit eige namn, seier Doksæter Sivle.
Kondensstriper som vert «hengande» lenge kan faktisk ha innverknad på vêret.
Også skyer forårsaka av til dømes skogbrannar, fossefall, metting av luft over skog og av menneske har fått plass i den offisielle skyoversikta.
Historisk rullesky
Fleire av nykommarane i skyatlaset er av det spektakulære slaget. Blant dei finn ein den kanskje mest historiske tilveksten: Volotus, på engelsk roll cloud. Dette er ikkje berre ein skyformasjon, men ein skytype, som gjer at ein får fleire nye skynamn.Desse relativt sjeldne skyene er kjenneteikna ved at dei er lange og røyrforma, og rullar rundt ein horisontal akse.
Den skyformasjonen som har vore mest omtalt i forkant av lanseringa, er òg av det spektakulære slaget. Sidan 2009 har entusiastar kjempa for at skyformasjonen asperitas skulle få ein plass i det gode selskapet. Og slik vart det.
Ikkje noko luftslott
Sjølv om dei nye skynamna kanskje ikkje får følgjer for korleis norske meteorologar formidlar vêret på, understrekar Andres Doksæter Sivle at oppdateringa av skyatlaset er særs viktig.– Ein får ei meir presis inndeling. Det gjer det lettare å snakka med kvarandre om desse skyene. Presis kunnskap om skyer er heilt avgjerande i meteorologien, seier statsmeteorologen.
Mange av dei nye skyformasjonane har enno ikkje fått norske namn. Anders Doksæter Sivle kan forsikra om at namnediskusjonen har vore i full gong lenge.
- Her finn du det nye skyatlaset (ekstern lenke)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.