Gjer endringar i budsjettet for å styrke Forsvaret
Nyheit | Dato: 25.11.2022
Regjeringa foreslår naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for 2022 knytt til den tryggingspolitiske situasjonen i Europa og auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar. Regjeringa foreslår mellom anna også betringar av butilhøva for vernepliktige og yngre befal, betring av kritisk infrastruktur på Andøya flystasjon og eit einskild tilskott til Det frivillige Skyttervesen.
Det kjem fram i regjeringas forslag til omgrupperingsproposisjon for 2022: Prop. 18 S (2022–2023) - regjeringen.no
Militær støtte til Ukraina
Noregs støtte til Ukraina er samansett av tilskott og donasjon av materiell som har vorte tatt frå eigne lagre. Donasjonane frå eigne lagre er anten materiell som inngår i Forsvarets operative struktur og dermed skal anskaffast igjen, eller overskotsmateriell som ikkje vert anskaffa igjen.
Regjeringa har lagt opp til omfattande militær støtte til Ukraina, med løyvingar på om lag 3,4 milliardar kroner gjennom året. Total anslegen verdi av militær støtte til Ukraina i 2022 er om lag 5,1 milliardar kroner, inkludert løyvingane.
Noreg finansierer ein estisk donasjon av eit feltsjukehus til Ukraina, saman med et anna land. Sjå meir om denne saka og om Noregs støtte til Ukraina her.
Meir pengar til infrastruktur på Andøya og betre butilhøve i nord
- Noregs evne til mottak av allierte luftstyrkar i nord treng styrkast. Regjeringa foreslår difor ei løyving på 20 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av infrastruktur på Andøya. Tiltaka skal styrke satsinga på Forsvaret og Noregs nærvær i nord, samt leggja til rette for alliert verksemd i tråd med føresetnadane som vart presentert for Stortinget tidlegare i år, seier forsvarsministeren.
Regjeringa følgjer vidare opp tiltak frå saldert budsjett 2022, kor regjeringa løyvde 40 millionar kroner til Forsvarsbygg for å forbetre butilhøva til vernepliktige og yngre befal på Skjold, Bardufoss og Setermoen. Regjeringa foreslår at Forsvaret tilførast ytterlegare 10 millionar kroner til prosjekt for å forbetre butilhøva.
Endringa i valutaføresetnadene i budsjetterte utbetalingar i 2022 for store materiellprosjekt inneber meirutgifter som vert kompensert med ei auking av forsvarsramma. Det er og store meirutgifter knytte til auka utgifter til valuta på drift, energi og drivstoff. Desse meirutgiftene vert foreslått dekka gjennom omprioriteringar innafor forsvarsbudsjettet. For at meirutgiftene ikkje skal få konsekvensar for den auka aktiviteten foreslår regjeringa at meirutgiftene primært vert dekka gjennom omprioritering frå investering til drift.
Tilskot til Det frivillige Skyttervesen
Regjeringa foreslår eit einskild tilskott på to millionar kroner til Det frivillige Skyttervesen (DFS) for å støtta framleis høg aktivitet i organisasjonen i ei tid med auka prisar på ammunisjon. Tilskotet kjem i tillegg til Forsvarsdepartementets etablerte tilskotsordning.
- Regjeringa ynskjer å sikra framleis høg aktivitet i DFS, spesielt blant yngre skyttarar. Å rekruttere og beholde yngre skyttere er svært viktig for å sørge for videre vekst i DFS. Tilskotet som blir foreslått går direkte til å støtta opp om kjerneaktivitetane til skyttarvesenet. Totalforsvaret er bygd på eit aktivt sivilsamfunn, med mellom anna frivillige organisasjonar som støttar opp om Forsvarets verksemd. Skyttarvesenet er ein sentral aktør i totalforsvaret, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.
DFS er Noregs største organisasjon innan skytesport. Organisasjonen skal fremja skyteferdigheiter og god våpenkultur i befolkninga, og dessutan sikra tilgang til ein desentralisert skytebanestruktur til nytte for Forsvaret og for samfunnet elles.
- Krigen i Ukraina, auka produksjon av militær ammunisjon og lengre leietider i marknaden har ført til ei markant prisstigning på sivil ammunisjon. Dette utgjer ein risiko for aktiviteten i DFS. Det er viktig at aktiviteten tek seg opp, og regjeringa vil sørgja for at DFS har føresetnadene for dette. Midlane skal gå til å støtta innkjøp av ammunisjon slik at yngre skyttarar skal ha ein lågare terskel for å delta på skytestemne. Skyttarvesenets aktiviteter er en del av grunnmuren i totalforsvaret. Våpenkynde, en sunn våpenkultur og organisasjonens samarbeid med Forsvaret er med på å skape forsvarsvilje og forsvarsevne i befolkninga, seier forsvarsministeren.
Flytting av sjef Luftforsvaret
Forsvarssjefen har fremja ei tilråding om framtidig lokalisering av sjefen for Luftforsvaret. Forsvarssjefen tilrår å lokalisere sjefen for Luftforsvaret, støtta av eit mindre og tilpassa stabselement, til Forsvarets operative hovudkvarter ved Reitan utanfor Bodø.
Forsvarssjefen har vektlagt tre tilhøve i si tilråding om å flytte sjefen for Luftforsvaret. Det første er at Forsvarets styrkesjefer bør være nær der planlegging og leiing av de operative styrkane vert utført. Det andre er at Forsvarets organisasjon i størst mogleg grad bør være likt organisert i fred, krise og krig, for å vere budd på å løyse sine oppgåver. Eit tredje tilhøve som forsvarssjefen legg vekt på er at ei etablering av ytterlegare ein styrkesjef i nord vil underbygge at Nord-Noreg er Forsvarets viktigaste strategiske innsatsområde.
- Regjeringa legg til grunn forsvarssjefens faglege vurderingar av den operative nytten av å samlokalisere sjefen for Luftforsvaret med det taktiske operasjonssenteret på Reitan, og at tiltaket inneber ein ytterlegare styrking av Forsvarets profil i nord, difor ber vi Stortinget vedta flytting av Luftforsvarets leiing til Bodø, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.