Øivind Gunnerud blir ny sjef for Luftforsvaret
Nyheit | Dato: 09.08.2024
Brigader Øivind Gunnerud blei i dag utnemnt i statsråd til generalmajor i Luftforsvaret, og blir beordra til stillinga som sjef for Luftforsvaret.
Gunnerud har brei erfaring frå operative-, stab-, og leiarstillingar, og er utdanna flyger i Luftforsvaret. I Luftforsvaret har han floge kampflya F-5, F-16 og F-35.
Han har blant anna erfaring som taktikkoffiser, skvadronsjef og fagsjef kampfly i Luftforsvaret. Han har også erfaring frå Forsvarsdepartementet innan strategisk langtidsplanlegging.
Sidan 2022 har han vore disponert som stabssjef i Luftforsvarsstaben, og nestkommanderande i Luftforsvaret.
Øivind Gunnerud har internasjonal erfaring frå F-16 detasjementet i Kirgisistan i 2003, som utvekslingsoffiser i USA, frå Libya-operasjonen i 2011 og som detasjementsjef i ISAF i Afghanistan i 2012.
I tillegg til å være utdanna flyger, har Gunnerud høgare utdanning frå Krigsskulen, Forsvarets stabsskule og sjefskurset ved Forsvarets høgskule.
Gunnerud overtar stillinga som sjef for Luftforsvaret etter Rolf Folland, som har blitt utnemnt til generalløytnant og ny sjef for Militærmisjonen i Brussel.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.