Dette er ei lufthamn - ikkje ei lufthavn
Bergen lufthavn Flesland må byta namn. Det seier Samferdselsdepartementet som meiner flyplassen til no har brote mållova.
– Det har vore slått fast tidlegare at Avinor må følgje mållova. Grunnen til at det kjem eit brev no er at Avinor ikkje planlegg å skilta slik mållova krev, nemleg på nynorsk, seier Kjersti Toppe (Sp).
Språkkrangel
Det har i sommar vore full språkkrangel om namna på flyplassane i nynorskkommunar. Språkrådet bad Avinor om å rydda opp og byta ut bokmålet med nynorsk på flyplassane i Bergen, Ålesund, Haugesund og Fagernes.Styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet sa den gong at mållova er klar og at dei fleste kommunane i regionen rundt desse flyplassane nyttar nynorsk.
– Avinor har nok ein god del å rydda opp i når det gjelder deira praksis, sa Grepstad.
– Eg forstå ikkje heilt at ein har problem med at det heiter "lufthamn", parerte Steinar Øksengard i Bokmålsforbundet.
Lufthamn, ikkje lufthavn
Men no ber altså samferdselsminister Marit Arnstad om at Avinor følgjer mållova.I brevet hennar viser ho til Avinor sine eige vedtekter, der dei sjølve skriv dei skal følgje "målbrukslova".
Og det betyr at Bergen lufthavn Flesland blir til Bergen lufthamn Flesland.
– Ja, og det betyr også at dei skal nytta nynorsk i sine annonsar og sine skriv. Det gjeld ikkje berre skilting, seier Kjersti Toppe i Senterpartiet.
– Mållova bør respekterast
– No er det Samferdselsdepartmentet som styrer Avinor. Så eg har ikkje noko merknad til det, svarar Øyvind Halleraker (H) på spørsmål om kva han tykkjer om peikefingeren frå Samferdsledepartementet til Avinor.– Men eg føreset at dei begge gjer jobben sin og at mållova vert følgt. Eg går utifrå at det vil vera vurderingar knytt til kostnadar og anna. Men eg tykkjer at når vi har ei mållov og to språk i landet så må det respekterast.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.