For oss som reiser årlig til Le Bourget eller Farnbororugh, ser vi slikt utstyr utstilt og demonstrert, spesielt i militær sammenheng. Droner er en trussel mot sivil flytrafikk og må nøytraliseres slik Avinor nå gjør. Tiltaket ved norske flyplasser er etterlengtet blant flygerne. (Red.)
Her er Avinor sitt våpen i kampen mot ulovlege
dronar
I fjor avslørte
Avinor 1450 ulovlege droneflygingar ved norske flyplassar. Men dei vil helst
ikkje snakke om overvakingssystemet som gjer at dei tar lovbrytarane på
fersken.
Ein av Avinor sine dronejegerar sit
framfor ei rekkje skjermar som viser droneaktivitet ved norske flyplassar.
FOTO: EIRIK HAUKENES / NRK
Eirik HaukenesJournalist
Elisabeth Haddal RøsvikJournalist
Vi rapporterer frå Kristiansund og Gardermoen
Publisert 8. feb. kl. 21:34
Framfor eit lite hav av skjermar, litt vekkgøymd på Oslo Lufthamn, sit
ein av Avinor sine nye dronejegerar.
Sigurd Einar Aron Haugrud Rognan følgjer nøye med på det som skjer
framfor han.
– Viss vi observerer ein uautorisert drone
innanfor flyforbodssona, så er første handling å varsle tårnet på flyplassen,
seier Rognan.
Dronejeger Sigurd Einar Aron Haugrud
Rognan ved Avinor sitt overvakingssenter på Gardermoen følgjer med på
droneaktiviteten ved norske flyplassar.
FOTO: EIRIK HAUKENES / NRK
Sjekk hele artikkelen her: http://tinyurl.com/4hfmwp6j
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.