mandag 19. februar 2024

Widerøe 90 - NRK

 

Widerøe fyller 90 år: – Eit privilegium

 

Flyselskapet Widerøe fyller i dag 90 år.

Selskapet blei starta av flygaren Viggo Widerøe i 1934, og i dei første åra dreiv dei med taxi-, ambulanse-, skule- og fotoflyging.

I dag flyr dei regionale og lokale flyruter i kortbanenettet på Vestlandet og i Nord-Noreg, og nokre ruter i utlandet.

– Det blir sjølvsagt markering, mens kanskje mest eksternt retta no i dag. Vi er jo under dei tyngste vinterforholda som finst i vår sesong og eg trur alle som har budd i Nord-Noreg dei siste vekene veit kor krevjande det kan vere, seier administrerande direktør Stein Nilsen.

– Så vi tar ikkje risikoen på store feiringar 19. februar, det skal vi gjere 25. mai, men i dag blir det jo markering sjølvsagt overfor alle dei flotte kundane vi har og så skal vi prøve å få med heile organisasjonen, legg han til.

Han synest dei tilsette i Widerøe ber mykje av utviklinga til selskapet.

– For meg er det eit privilegium å få vere dirigent for dette orkesteret.

Et Widerøe-fly har akkurat stoppet på rullebanen på Leknes.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.