mandag 19. april 2021

Overvåking av flypassasjer 24/7 - NRK

 Det blir debatt om dette forslaget. Dessvere, tiltaket er nødvendig i den verden vi lever i. (Red.)

Sjekk hele artikkelen her: https://tinyurl.com/5x72shx6

Slik vil PST overvake flypassasjerar 24 timar i døgnet

Det er planlagt å opprette ei eiga eining som skal overvake alle som reiser inn og ut av Noreg med fly. Målet er å avsløre terroristar eller alvorleg kriminalitet.

Gardermoen, Oslo

FLYPASSASJERAR: Politiet og Tolletaten etablerer ei eiga eining som skal drive med overvaking av passasjerlister.

FOTO: TORSTEIN BØE / NTB

Simon Solheim@SFSolheimJournalist

Olav DøvikJournalist

Del på epost

Planen er at eininga skal vere operativ og på plass i Kripos sine lokale frå 1. januar 2022, og i full drift frå 1. juli. Det kjem fram i ein sluttrapport som NRK har fått innsyn i.

Assisterande sjef i Politiets tryggingsteneste (PST), Roger Berg, har leia arbeidet og i rapporten står det at «det vil være behov for en tre-skiftløsning for å sikre vurdering og behandling av passasjeropplysninger for all flytrafikk til og fra Norge.»

Den såkalla flypassasjeropplysningseininga (PIU) vil bli drifta som eit samarbeid mellom PST, Kripos og Tolletaten.

Terrorhandlingar og alvorleg kriminalitet

– Det er eit stort behov for denne informasjonen. Heile Europa har det, og Noreg er eitt av få land som ikkje har det, seier Berg til NRK.

Målet med å overvake lister over flypassasjerar er å førebyggje, oppdage, etterforske og straffeforfølge terrorhandlingar og alvorleg kriminalitet, ifølgje rapporten.

PST har tidlegare fått kritikk for å ha lese passasjerlister utan heimel. I 2019 konkluderte EOS-utvalet med at praksisen var ulovleg.

– Det er sjeldan vi gir så skarp kritikk, sa leiar av EOS-utvalet, Svein Grønnern, til NRK.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.