søndag 1. september 2024

Ukrainsk F-16 pilot gravlagt - NRK

 


Ulike teoriar: Granskar årsaka til F-16-styrt i Ukraina

F-16-flyet som styrta i Ukraina måndag kan ha blitt treft av luftvernrakettar som Ukraina har fått frå vestlege land. Granskinga er enno ikkje avslutta.

F-16-piloten Oleksii Mes omkom då flyet han førte, styrta 26. august.

Foto: HANDOUT / AFP

Eivind Molde– JournalistJournalist

Publisert i dag kl. 23:00

26. august styrta eit F-16-fly i Ukraina. Flyet var eitt av fleire som Ukraina har fått frå Nato-land i løpet av sommaren. Dette var den første flystyrten med eitt av desse flya.

Bak spakane sat 30 år gamle Oleksii Mes, ein erfaren flygar i det ukrainske luftforsvaret. Han omkom i styrten.

Tidlegare har Mes jobba som pilot på jagarfly av typen MIG-29. I sommar fekk han F-16-opplæring i Danmark, og var ein av dei første ukrainarane som kvalifiserte seg til å føre F-16-fly.

Fleire hundre menneske deltok då Mes blei gravlagd i heimbyen Shepetivka torsdag.


Sjekk hele historien her: https://tinyurl.com/mvzu8mpb

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.