mandag 24. juli 2017

Kina øver med Russland i Østersjøen - NRK og video

Kina og Russland viser styrke i Østersjøen

Kinesiske krigsskip skal denne veka øve i Østersjøen saman med den russiske marinen. Landa rundt følger nøye med på det som blir sett på som ein maktdemonstrasjon.

Den russiske ubåten "Dmitri Donskoj", som er verdas største ubåt, segla denne veka gjennom Storebælt på veg til feiringa av 100-års jubileet til den russiske marinen i St. Petersburg 229-30. juli. Det er uviss om denne deltek i den kinesisk-russiske øvinga denne veka.
FOTO: SARAH CHRISTINE NOERGAARD / AFP

Sjekk ut typhoon class sub her: http://tinyurl.com/ycvjwbj3

 Publisert i går, for 9 timer siden– Akkurat som det auka russiske og kinesiske nærværet i Østersjøen er ei politisk markering, kjem det til å vere ei politisk markering frå statane rundt ved å skugge fartøya  til Sveriges Radio.
Gunnhild Årdal

Måndag startar øvinga «Marine Cooperation 2017» (tidlegare «Joint Sea 17») med base i den russiske enklaven Kaliningrad, som ligg ved Østersjøen mellom Polen og Litauen.

Første fellesøving så langt nord
Øvinga skal vare i fire dagar, og involvere både krigføring med ubåtar og luftforsvarsøvingar.
Kinesisk destrøyer
Ein kinesisk destroyer fotografert med ein mobiltelefon på veg gjennom Storebælt til Østersjøen. Kina vil for første gong bruke destroyeren Heifei som var bestilt for mindre enn to år sidan i tillegg til ein missil-fregatt og eit supplyskip. I tillegg bidreg Russland med rundt 10 skip.
FOTO: HO / AFP
Russland og Kina har hatt årlege fellesøvingar sidan 2012, men då i Middelhavet og Sør-Kinahavet. Det er første gong dei opererer saman så langt nord.
Dalsjö antar at NATO-landa Danmark, Tyskland og Polen kjem til å samarbeide om å overvåke øvinga, og meiner Russlands opptrapping er kontraproduktiv, ettersom den fører med seg tilsvarande opptrapping frå Nato si side.
Nato har lenge skulda Russland for å provosere med sin aktivitet i Østersjøen, og har på si side utplassert 4000 mann i Baltikum. Det har vore mykje uro i dei baltiske statane etter blant anna Russlands annektering av Krim og innblanding i Ukraina.


Nato har også trappa opp i Østersjøen. Her frå ei øving i 2015 nord i Polen.
FOTO: JANEK SKARZYNSKI / AFP


Kina bygger opp sjøstyrken
Kina seier ifølge den offisielle China's People Daily at øvingane ikkje er retta mot nokon «tredjepart», og at øvinga er eit ledd i å utvikle det kinesisk-russiske «omfattande strategiske partnarskapet».
Dei kinesiske krigsskipa har også hatt ei øving i Middelhavet på veg nordover, og Magnus Nordenman i Atlantic Council seier til CNN at det heng saman med den økonomiske makta dei har. I takt med auka handel vil dei vil vere i stand til å sikre seg tilgang til hamnene i nord. Førre veke opna dei ei militærbase i Djibouti på Afrikas horn.


Eit av Kinas mange nye krigsskip, ein type 055 destroyer, her på eit verft i Shanghai.
FOTO: WANG DONGHAI / AP

Kina har også skutt fart i skipsbygginga, og det er venta at dei innan 2030 vil ha ei flåte på rundt 500 skip. USA har til samanlikning 350.
– Ein av kjenneteikna på ei stormakt er å ha sjømakt, og Kina er i den kinkige situasjonen at dei ser seg sjølv som ei supermakt, andre oppfattar dei som ei supermakt, men dei har ikkje endå den fulle kapasiteten til ei supermakt, seier Yvonne Chiu, assisterande professor i politikk ved Universitetet i Hongkong til CNN.

·        Les også: Kinesisk isbryter på klimatokt i Arktis

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.