Dette er Norges første elektriske fly
Norges luftsportsforbund og Avinor går saman om å kjøpa Norges første elektriske fly. I år 2025 kan elektriske passasjerfly vera i norsk luftrom, ifølge Avinor-sjefen.
Det elektriske testflyet som er kjøpt kjem i mai, og det blir stasjonert på Stavanger lufthamn eller Gardermoen, ifølge Avinor.
Flyet skal primært brukast til demonstrasjonar, melder Avinor på sine nettsider.
Men det er ikkje mange år til at ruteflyet du sjekkar inn på kan vera elektrisk, ifølge Avinor-sjefen.
– Målet er å ha dei første elflya, med opp mot 19 sete, på plass innan år 2025, seier konsernsjef i Avinor, Dag Falk-Petersen, til NRK.
Får ned klimagassutslepp
Fleire internasjonale produsentar jobbar intenst med å utvikla elfly, ifølge Avinor, som er opptekne av at Norge bør vera først med å frakta passasjerar i elektriske fly.
– Med elfly blir luftbransjen sine miljøkonsekvensar endra betydeleg. Det vil også kunna bli rimelegare å fly, då driftsutgiftene for fleire flymodellar er betydeleg lågare, noko som også vil merkast på billettprisane, ifølge Falk-Petersen.
Saman med energieffektivisering og bruk av biodrivstoff, kan elfly bidra til at dei samla klimagassutsleppa frå norsk luftfart blir redusert dei neste tiåra, ifølge Avinor.
Dei peikar også på følgjande fordelar med elektriske fly:
- Støyen blir redusert med 40 prosent samanlikna med dagens fly
- Driftskostnadane blir halvert
- Dei treng kortare rullebane, noko som er ein fordel i eit land med mange mindre flyplassar
Avinor jobbar saman med partnarar i luftbransjen med eit utviklings- og innovasjonsprosjekt for elfly. Prosjektet har støtte frå Samferdselsdepartementet.
Miljøstiftinga Zero, Widerøe og SAS stiller seg også bak prosjektet som altså fører landets første elfly til landet.
Kjem frå Slovenia
Flyet Avinor og Norges luftsportsforbund har bestilt kjem frå ein av Europas største flyfabrikkar, Pipistrel i Slovenia. Alpha Electro G2 (sjå bilete) er det første elektriske tosetars flyet som har blitt sett i kommersiell serieproduksjon.
Rekkevidda er på om lag 130 kilometer, og flyet kan vere i lufta rundt ein time per lading.
Konsernsjef Falk-Petersen, som også er sertifisert flygar, har invitert samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) med på den første flyturen.– Me ser nå ei rivande positiv utvikling innan miljøvennleg teknologi i transportsektoren. El- og batteri endrar skipsfart og vegtransport. Det er utruleg spanande når me også kan bidra til å leia veg innan miljøvennleg luftfart, seier samferdselsministeren, ifølge pressemeldinga til Avinor.
Zero positive
Samferdselsministeren er opptatt av alle fordelane med elfly.– Du får reduserte utslepp, mindre støy og betydeleg lågare driftskostnader, i tillegg til at rullebanane blir betre utnytta. Å bruka kortbanenettet til å frakta fleire passasjerar er blant dei viktige fordelane med dette, seier Solvik-Olsen til NRK.
Også miljøstiftinga Zero er positive til satsinga.
– Innkjøpet av det første elflyet er ein milepåle i transportsektoren. Ei barriere er broten for kva som kan elektrifiserast, seier Zero-leiar Marius Holm.
Målet til Avinor er at all norsk luftfart er elektrisk innan 2040.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.