lørdag 9. januar 2021

Korona -Testregimet ved innreise ikke godt nok - NRK

 Det viser seg åpenbart at hurtigtest før avrteise til eksempelvis Norge,, ikke holder mål. (Red.)

Åtvarar mot hurtigtesting på flyplass

Helsedirektoratet vil bruke hurtigtestar på alle grenseovergangar 

i Noreg. I Sandefjord fryktar dei det vil føre til at færre testar seg på flyplassen.


SÅ LANGT HAR 51 REISANDE TESTA POSITIVT FOR COVID-19 PÅ TORP SANDEFJORD LUFHAVN I DAGANE FRÅ 2. TIL 7. JANUAR. KOMMUNEOVERLEGEN I SANDEFJORD, OLE HENRIK AUGESTAD, MEINER DETTE TALET VIL STIGE TIL MELLOM 70 OG 80 PERSONAR FORDI DET TEK TO TIL TRE DAGAR Å FÅ SVAR PÅ TESTANE.

– Det er eit høgt tal og det er grunn til uro. Desse folka skulle vore smittefrie da dei sat seg på flyet til Noreg, seier Augestad.

I den same perioden har over 3000 personar kome til Torp med fly frå karantenepliktige land. Dei fleste har teke test på flyplassen.

– Me testar om lag 95 prosent av passasjerane, seier Augestad.

UROLEG: Kommuneoverlege Ole Henrik Augestad seier det er mange som har testa positivt på Torp Sandefjord lufthavn denne veka.

Fryktar kø

I eit brev til alle kommunane i landet skriv Helsedirektoratet i dag at dei ønsker bruk av hurtigtest ved grenseovergangane til Noreg. Det inkluderer flyplassane.

På Torp brukar dei den ordinære testmetoden der folk tek testen, reiser heim og får prøvesvaret digitalt nokre dagar seinare. Ved bruk av hurtigtest må passasjerane vente på prøvesvaret på flyplassen. Det tek 15 til 20 minutt.

Augestad fryktar at køen blir for langt på flyplassen viss dei skiftar til hurtigtest.

– Me er redd folk kjem til å gå forbi køen, og seie at dei skal teste seg innan 24 timar heime. I verste fall gjer dei ikkje det. Smittetala våre viser at me bør prioritere testing på grenseovergangar, seier Augestad.

·         Har avslørt reisande med falsk koronadokumentasjon

Sprengt kapasitet

Svein Lie er fagdirektør i Helsedirektoratet. Det er han som no oppfordrar Sandefjord kommune til å innføre hurtigtesting på Sandefjord lufthavn Torp så raskt som råd.

Årsaka er at alle laboratorium som tek i mot koronatestar i Noreg nærmar seg sprengt kapasitet.

– Me ønsker at kapasiteten skal bli bruka til å ta imot prøver frå teststasjonane våre rundt om i landet. Difor vil me at grenseovergangane skal bruke hurtigtesting, seier Lie.

Han skjønnar at Augestad er uroleg, men meiner det er trygt å bruke hurtigtest på grenseovergangane. Han meiner flyplassen kan løyse køproblemet på fleire måtar.

– Dei kan auke testkapasiteten ved å opprette ei testlinje til. I tillegg kan dei teste på same måte som dei gjer i dag, og ringe til folk som skulle teste positivt, seier Lie.


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.