Nå har igjen Norwegian gjort et forsøk på forsinkelsesrekord. Det må folk regne med all den tid Norwegian ikke har noen samarbeidende flyselskap som de kan sette passasjerene på. Da er det liten vits i å klage og sitte der rasende i Oakland. Det er ikke synd på dem, særlig når de snakker om ombooking. Til hvilket selskap? Det er ingen som rører Norwegian, må folk ha forstått nå.
Norwegian-fly var forseinka i fire døgn: – Folk er rasande
På Oakland flyplass i San Francisco sat over 250 passasjerar og venta på eit Norwegian-fly i fire døgn. Passasjerar fortalde NRK om mytteristemning, men i natt letta endeleg flyet.
Norwegian sitt Dreamlinerfly med flightnummer DY7164 som skulle ta over 250 passasjerar frå San Francisco til Oslo lufthamn på søndag fekk tekniske problem og vart kansellert.
Fire døgn etter venta passasjerane framleis.
– Dreamlineren hadde tekniske problem og vart utsett fleire gonger, men vi fekk beskjed frå flyselskapet i går at dei hadde fått inn eit erstatningsfly som skulle ta oss heim i dag klokka 09 lokal tid, fortel passasjer Paal-Gunnar Mathisen på telefon frå flyplassen.
Klokka 08.30 tysdag morgon kom kontrabeskjeden; det var oppdaga ein teknisk feil på erstatningsflyet. I tillegg hadde arbeidstida til dei kabintilsette gått ut, fortel Mathisen.
– Vi har vel fått 6–7 meldingar på mobilen om ulike tidspunkt hittil. I dag hadde vi faktisk eit håp sidan vi fekk eit erstatningsfly. Så kom dette på tampen av alt. Det er nærast opprørsstemning.
Han seier at dei no har fått tilbod om pengane tilbake, men at det vil vere vanskeleg å kjøpe ny billett no då det vil koste altfor mykje.
– Eg vil berre heim. Vi har ikkje fått tilbod om ombooking heller. Dette er kritikkverdig på alle måtar, seier ein tydeleg oppgitt Mathisen.
– Det som har hendt er veldig trist, og vi forstår godt at passasjerane er sine, seier presseansvarleg i Norwegian, Charlotte Holmbergh Jacobsson.
Dei sjekkar ut løysingar så raskt som mogleg, og seier det er uakseptabelt at det skal ta så lang tid før passasjerane får reise heim.
– Vi sender ut informasjon så snart vi veit meir. Men vi har ikkje noko eksakt tidspunkt for når vi har eit fly klart for avgang, seier Jacobsson.
Onsdag kom altså løysinga. Passasjerane vart sett på eit fly til Keflavik på Island, der dei vil mellomlande og bli møtt av eit fly frå Norwegian. Deretter vil dei lande i Gardermoen onsdag ettermiddag.
– Det vert jobba med å reparere flyet. Det er frykteleg kjedeleg å verte råka av tekniske problem, men det kan skje alle flyselskap. Men det er sjølvsagt ikkje greitt at det tek så lang tid, seier Jacobsson.
Fire døgn etter venta passasjerane framleis.
- OPPDATERT ONSDAG MORGON: Norwegian melder at flyet letta frå Oakland, klokka 03.10 natt til onsdag, og kjem til å lande på Gardermoen 14.10, etter ei mellomlanding på Island.
– Dreamlineren hadde tekniske problem og vart utsett fleire gonger, men vi fekk beskjed frå flyselskapet i går at dei hadde fått inn eit erstatningsfly som skulle ta oss heim i dag klokka 09 lokal tid, fortel passasjer Paal-Gunnar Mathisen på telefon frå flyplassen.
Klokka 08.30 tysdag morgon kom kontrabeskjeden; det var oppdaga ein teknisk feil på erstatningsflyet. I tillegg hadde arbeidstida til dei kabintilsette gått ut, fortel Mathisen.
– Det er nærast opprørsstemning
Mathisen fortel at det rådde ei fortvilt stemning over passasjerane som sat i avgangshallen og venta.– Vi har vel fått 6–7 meldingar på mobilen om ulike tidspunkt hittil. I dag hadde vi faktisk eit håp sidan vi fekk eit erstatningsfly. Så kom dette på tampen av alt. Det er nærast opprørsstemning.
Han seier at dei no har fått tilbod om pengane tilbake, men at det vil vere vanskeleg å kjøpe ny billett no då det vil koste altfor mykje.
– Eg vil berre heim. Vi har ikkje fått tilbod om ombooking heller. Dette er kritikkverdig på alle måtar, seier ein tydeleg oppgitt Mathisen.
– Vi forstår frustrasjonen
Norwegian beklaga tysdag situasjonen på det sterkaste. Dei sa at dei jobbar på spreng med å få passasjerane til Noreg.Dei sjekkar ut løysingar så raskt som mogleg, og seier det er uakseptabelt at det skal ta så lang tid før passasjerane får reise heim.
– Vi sender ut informasjon så snart vi veit meir. Men vi har ikkje noko eksakt tidspunkt for når vi har eit fly klart for avgang, seier Jacobsson.
Onsdag kom altså løysinga. Passasjerane vart sett på eit fly til Keflavik på Island, der dei vil mellomlande og bli møtt av eit fly frå Norwegian. Deretter vil dei lande i Gardermoen onsdag ettermiddag.
Eit øydelagt filter
Norwegian seier at erstatningsflyet hadde eit filter som måtte bytast ut. Ho stadfestar også opplysningane frå passasjerane om at kabinpersonellet måtte ha kviletid.– Det vert jobba med å reparere flyet. Det er frykteleg kjedeleg å verte råka av tekniske problem, men det kan skje alle flyselskap. Men det er sjølvsagt ikkje greitt at det tek så lang tid, seier Jacobsson.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.