Fredag kveld kom det inn ein trussel mot eit Widerøe-fly, rute WF599, som skulle gått til Kristiansand klokka 22.15. Passasjerane fekk plutseleg beskjed om å forlata flyet under boarding, skriv Bergens Tidende som først omtala hendinga.
– Eg kan bekrefta at vi har mottatt ein trussel på Flesland, og no vurderer vi om denne trusselen er reel eller ikkje, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Hordaland politidistrikt til NRK.
– Det har kome inn ein trussel mot eit fly som står på Flesland. Det står parkert vekke frå terminalen og det er no ingen passasjerar om bord, seier lufthamnsjefen på Flesland, Aslak Sverdrup.
Lufthamnsjefen kjenner endå ikkje til kva som ligg i trusselen, men poltiet fortel at det skal vera snakk om ein bombetrussel. Flyet er tømt og alle passasjerane er no inne i terminalbygget. Politiet er på staden.
– Politiet leiar den pågåande operasjonen som er der ute. Vi har sperra av eit areal rundt området flyet står, elles så påverke det ikkje flyplassen mykje då det nærma seg dei siste flyavgangane, seier Sverdrup.
Trafikken skal gå som normalt utanom flyet som fekk trusselen retta mot seg.
Saka vert oppdatert
Flesland
Foto: Ole-Andre Lagmandokk / NRK