CHC Group ikkje lenger under konkursbeskytting
Selskapet som eig CHC Helicopter Service har hatt konkursbeskytting i USA, men går no styrka ut av omorganiseringa. Det er av betyding for den norske verksemda.
Oppdatert:
Publisert:
CHC Group, morselskapet til CHC Helicopter Service, har sidan mai i fjor hatt konkursbeskytting i USA. Mandag melder dei i ei pressemelding at dei no ser slutten på prosessen.
CHC er selskapet bak helikopteret som styrta ved Turøy i slutten av april i fjor, der 13 personar mista livet då hovedrotoren løsna på veg til Flesland frå Gullfaks B-plattformen.
CHC Group har lenge slite økonomisk, og har blitt hardt råka av dei låge oljeprisane. Det har vore ei tøff tid, også for CHC Helicopter Service som har vore gjennom fleire nedbemanningar. I september varsla dei at mellom 80 og 120 personar kunne miste jobben, og før dette hadde dei kutta i alt 377 stillingar sidan 2015.
Men morselskapet eig 49 prosent av aksjane i CHC Helicopter Service AS, så omstruktureringa får ein del å seie.
– Den norske verksemda er avhengig av at morselskapet har sunn finansiering. Med meir støtte frå morselskapet vert vi meir konkurransedyktige, seier administrerande direktør Arne Roland i CHC Helikopter Service AS.
– Men vi vil framleis måtte redusere kostnader lokalt, slik alle andre i industrien må, seier han.
Omorganiseringa styrkar selskapet sin finansielle posisjon, mellom anna fordi skifteretten har valt å redusere gjelda til selskapet. Planen for omorganisering av selskapet inneber dessutan følgjande:
I pressemeldinga heiter det at morselskapet ventar å fullføre den finansielle restruktureringa og trekke seg ut av konkursbeskyttinga i løpet av nokre veker.
CHC er selskapet bak helikopteret som styrta ved Turøy i slutten av april i fjor, der 13 personar mista livet då hovedrotoren løsna på veg til Flesland frå Gullfaks B-plattformen.
CHC Group har lenge slite økonomisk, og har blitt hardt råka av dei låge oljeprisane. Det har vore ei tøff tid, også for CHC Helicopter Service som har vore gjennom fleire nedbemanningar. I september varsla dei at mellom 80 og 120 personar kunne miste jobben, og før dette hadde dei kutta i alt 377 stillingar sidan 2015.
– Avhengig av sterkt morselskap
Selskapet har tidlegare uttala at konkursbeskyttinga ikkje påverkar drifta til CHC Helikopter Service i Norge då dei juridisk sett er ei eiga eining. CHC Group er børsnotert i USA, medan CHC Helicopter Service har europeisk struktur.Men morselskapet eig 49 prosent av aksjane i CHC Helicopter Service AS, så omstruktureringa får ein del å seie.
– Men vi vil framleis måtte redusere kostnader lokalt, slik alle andre i industrien må, seier han.
Reduserer gjelda
Konkursbeskyttinga er gjort under Chapter 11- bestemmelsen i den amerikanske konkurslovgivnaden. Det inneber at skifteretten har overvaka reorganiseringa av selskapet si gjeld og kontraktmessege forpliktingar. Samtidig har CHC Group fått halde forretninga i gang i mellomtida.Omorganiseringa styrkar selskapet sin finansielle posisjon, mellom anna fordi skifteretten har valt å redusere gjelda til selskapet. Planen for omorganisering av selskapet inneber dessutan følgjande:
- Reforhandling av leasing.
- Reduksjon av helikopterflåter.
- Reforhandling av lånevilkår.
- Innskot på ny eigenkapital på 300 millionar dollar som kjem inn i morselskapet.
– Kan bli ein sterk konkurrent
– Dette set CHC i stand til å bli ein sterk konkurrent internasjonalt innan herlikopterservice- marknaden, seier Karl Fessenden, president og administrerende direktør i CHC Group i pressemeldinga.I pressemeldinga heiter det at morselskapet ventar å fullføre den finansielle restruktureringa og trekke seg ut av konkursbeskyttinga i løpet av nokre veker.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.