Formålet med bloggen er å bidra til informasjon om luftfart av alle slag. Også litt om ubåter og forsvarsspørsmål. Nyheter vil du finne her også, en del på engelsk som er det mest brukte luftfartsspråket. Har du selv noe som bør komme ut, så send meg en mail til per.gram@hesbynett.no
Helikopterulykken ved Turøy: Nye funn av deler 08.03.2017
Sjøforsvarets dykker- og froskemannsskole fant torsdag 23. februar en sentral del som har vært savnet i forbindelse med undersøkelsen av ulykken.
Delen, som holdt planetgearet hvor utmattingssprekken oppsto (epicyclic gear 2nd stage planet carrier), ble funnet i sjøen mellom stedet hvor hovedrotoren separerte fra helikopteret og havaristedet. Delen vil bli gjenstand for nærmere undersøkelser.
Holderen til de åtte planetgearene. Indre lagerbane til planetgearet som feilet sitter fortsatt igjen til høyre på bildet. Foto: SHT
Publisert Sjøforsvarets dykkar- og froskemannsskole fann torsdag 23. februar delen som har vore sakna i over ti månader. Funnet blei gjort under ei øving.
Gjenstanden blir no sentral i den vidare undersøkinga av ulukka.
– Haldaren til dei åtte planetgira blei funnen i sjøen. Det sit ein indre lagerbane igjen på haldaren. Den høyrer til giret som rauk, fortel avdelingsdirektør Kåre Halvorsen i Statens havarikommisjon.
Funn i sjøen
Havarikommisjonen har sidan helikopterulukka vore på jakt etter delar som kan forklara kvifor Super Puma-helikopteret styrta ved Turøy 29. april. No er altså ein av delane funnen.
Delen som haldt på plass giret kor utmattingssprekken oppstod, blei funnen i sjøen. Den blei funnen mellom staden kor hovudrotoren blei separert frå helikopteret og havaristaden. Delen er ein såkalla epicyclic gear 2nd stage planet carrier.
Delen vil bli gjenstand for nærare undersøkingar, skriv Statens havarikommisjon i ei pressemelding onsdag. Halvorsen seier funnet kan bidra til å styrka kommisjonen sine teoriar i arbeidet med granskinga.
– Sånn sett er det eit viktig funn.
Havarikommisjonen avslutta søket for ei tid tilbake, men Forsvaret har gjort sporadiske søk i området i samband med øvingar.
Usette rapporten
Alle 13 om bord på Airbus EC 225 LP-helikopteret på veg frå Gullfaks B til Bergen lufthamn mista livet då helikopteret mista hovudroteren og styrta på ein holme aust for Turøy 29. april i fjor.
Undersøkingar har vist at ulukka var eit resultat av eit utmattingsbrot i eitt av dei åtte andretrinns planetgira i hovedgearboksen.
Den endelege rapporten blei tidlegare i år utsett til ubestemt tid. Omfanget og kompleksiteten i undersøkingsarbeidet gjer at myndigheitene ikkje kan anslå når den endelege rapporten blir ferdig. I staden vil kommisjonen leggja fram ein ny rapport 29. april, dagen for eittårsmarkeringa for flystyrten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.