mandag 9. september 2019

Norwegians Only - 0-skatteytere ikke ønsket - Norsk Ubåtforening

Forsvaret fryktar spionasje – berre nordmenn får koma om bord på «open ubåt»-dag

BERGEN (NRK): Når Forsvaret markerer Ubåtvåpenet sitt 110-års jubileum, får berre norske statsborgarar koma om bord. – Me ønskjer å beskytta båtane våre mot spionasje.
Denne helga inviterer Forsvaret til open vising i ubåten «KNM Utsira» i Bergen for å markera at Noreg har operert ubåtar i 110 år.
– På den tida var Noreg ein relativt fattig nasjon. Likevel tok me tidleg steget, noko mange større land ikkje gjorde, seier sjef for den norske ubåttenesta, kommandør Oliver Berdal.
Men ikkje alle får sjå undervassteknologien den norske marinen kan skilta med.
Utanlandske statsborgarar blir avviste. Bakgrunnen er at det er vanskeleg å vera sikre på at dei oppgir korrekt legitimasjon.
I tillegg lettar eit slikt forbod det strenge sikkerheitsarbeidet.
– På generell basis gjennomfører me ikkje særleg mange omvisingar om bord i norske ubåtar, nettopp fordi me ønsker å beskytta båtane våre mot spionasje. Eit forbod som dette gjer arbeidet lettare for oss og styrkjer vår moglegheiter for å ha god kontroll, seier Berdal, og poengterer:
– Men dette handlar vel så mykje om praktiske omsyn som sikkerheitsomsyn.

Ubåten KNM Utsira til kai ved Bradbenken i Bergen i anledning 110-års jubileet
VISNING: Denne helga kan publikum koma om bord i ubåten K«KNM Utsira» som ligg til kai i Bergen.
FOTO: SISSEL RIKHEIM / NRK

Rekrutteringsarena

«KNM Utsira», som blei bygd på slutten av 1980-talet, er ein av seks norske ubåtar i Ula-klassen.
Desse skal forsvara norske interesser under vatn fram til siste halvdel av 2020-talet, då dei etter planen skal fasast ut.
Ifølge Dagens Næringsliv t det vil kosta 45 milliardar kroner å investera i nye ubåtar, våpen, oppgraderte kaianlegg og vedlikehald.
– Jobben til ubåten er halda seg skjult under vatn i norske interesseområde. Det gjer at me i liten grad klarar å visa oss fram for det norske folk. Difor ønskjer me no å gi innbyggarane sjansen til å sjå korleis me jobbar, seier ubåtsjefen om publikumsvisinga.

Sjef for det norske ubåtvåpenet, kommandør Oliver Berdal
KOMMANDØR: – Tryggleikstiltaka er der for nasjonens beste. Eg trur ikkje dei 300–500 menneska som var innom oss laurdag, opplevde dette som noko problematisk, seier sjef for det norske ubåtvåpenet, kommandør Oliver Berdal.
FOTO: SISSEL RIKHEIM / NRK

Opnar sjeldan for publikum

Denne helga er militærpolitiet sterkt til stades i Bergen. I tillegg er det generelle vakthaldet på «KNM Utsira» monaleg auka.
Det går nemleg lenge mellom kvar gong Forsvaret opnar ubåtane for publikum. Ifølge Berdal har den sikkerheitspolitiske situasjonen i verda gjort Forsvaret meir forsiktige.
PST har tidlegare åtvara mot høg etterretningsaktivitet i Noreg. I forkant av den store militærøvinga «Trident Juncture» i fjor haust, bad PST publikum om å rapportera mistenkeleg åtferd.
På same tid blei også den russiske tenestemannen Mikhail Botsjkarov (51) pågripen og sikta for spionasje.

Ubåten KNM Utsira
OMVISING: Fleire hundre fekk sjå innsida av ubåten «KNM Utsira» i Bergen denne helga. Ubåten er ein av seks norske ubåtar i Ula-klassen.
FOTO: SISSEL RIKHEIM / NRK

– Sikkerheita meir innskjerpa

Berdal avviser at forbodet i Bergen heng saman med konkrete mistankar.
– Tidlegare, ti-femten år tilbake, var me langt meir opne knytt til omvisingar i Noreg generelt. Sikkerheita har gradvis blitt meir innskjerpa, fortel Berdal og viser til den generelle auka terrorfaren i storsamfunnet.
– Forbodet mot utanlandske statsborgarar om bord heng ikkje saman med nokon konkret trugselfare, men me må sørga for at tryggleiken er varetatt. Det dreier seg vel så mykje om spionasje som terrorfare. Det er vår profesjonelle respons på dei sikkerheitspolitiske endringane i samfunnet, fortel Berdal.

Frank, Ane og Aksel Børresen besøker ubåten KNM Utsira i Bergen
BESØK: Pappa Frank, Ane og Aksel Børresen besøkte ubåten laurdag. Ane fekk ha med seg bamsen om bord, men mobiltelefonar måtte publikum legga frå seg på land.
FOTO: SISSEL RIKHEIM / NRK

Vil prioritera norske skattebetalarar

Alle som skal ned i ubåten må legga fram gyldig id-kort og legga frå seg mobiltelefonen.
– Me har gjort eit unntak denne helga og teke ekstra forholdsreglar, som ekstra vakthald og ein del forhold eg ikkje ønskjer å gå nærare inn på, seier Berdal.
Av reint praktiske omsyn er det lettare å sjekka norske id-kort enn utanlandske, som kan ha eit breitt utval av identifikasjonspapir, seier Berdal.
I tillegg ligg «KNM Utsira» midt i leia for cruiseturistar som går til og frå skipa, og Forsvaret ville unngå at utanlandske turistar tok opp plassen i staden for nordmenn, forklarar ubåtsjefen.
– Me ønskjer ikkje vera vanskelege, men me kunne ha risikert at fleire hundre cruiseturistar ville om bord. Heile føremålet med å halda ope skip, er å gi norske statsborgarar høve til å sjå. Det er trass alt norske skattytarar som betalar, seier Berdal.

Periskopet i ubåten KNM Utsira
STRENGT: Alle som skulle ned i ubåten måtte visa legitimasjon og legga frå seg mobiltelefon på land.
FOTO: SISSEL RIKHEIM / NRK

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.