Millionar til ny flyutdanning
I revidert
statsbudsjett vil regjeringa bruke 5 millionar til ny utdanning for
flyingeniørar i Noreg.
FLYINGENIØR: Regjeringa påpeiker at det er behov
for flyingeniørar i både militær og sivil luftfart.
FOTO: OLE ANDREAS VEKVE /
FORSVARET
Sunniva SkurtveitJournalist
Vi rapporterer frå Trondheim
Publisert i dag kl. 09:01 Oppdatert for ett minutt siden
Del på Facebook Del på Twitter Del på epost
Vi oppdaterer saka.
– Vi må sikre oss kompetanse innan kritiske
samfunnsområde. Luftfarten er ei av desse.
Det seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe
(Sp).
– Både sivil og militær sektor er heilt avhengige
av flyingeniørkompetanse i åra som kjem, både for å utvikle teknologien vidare
og tilgang på nok kompetent arbeidskraft, seier Ola Borten Moe.
FOTO: BJARTE JOHANNESEN / NRK
Slik det er i dag finst ikkje slike utdanningar i Noreg og me hente
denne kompetansen frå utlandet.
Frå hausten
Målet er at studiet skal vere oppe å gå frå hausten 2024. Dermed vil
dei fyrste flyingeniørane vere ferdigutdanna våren 2027.
Regjeringa peiker på at det er behov for minst 20 flyingeniørar kvart
år framover og at det er viktig å utdanne personar med rett kompetanse og som
er tryggingsklarert.
– Flyingeniørar er kritisk om vi skal få maks effekt ut av våre nye
kampfly, maritime overvakingsfly og helikopter, seier forsvarsminister Bjørn
Arild Gram (Sp).
Stort behov
I tillegg har Forsvarsmateriell og NHO Luftfart tidlegare påpeikt
behovet for å utdanne ingeniørar med denne kompetansen.
Difor vil regjeringa opprette 25 nye studieplassar ved NTNU i
Trondheim, for å sikre denne kompetansen.
– Dette skal me ta på oss og me gler oss til å sette i gang, seier Anne
Borg rektor ved NTNU.
Forslaget til regjeringa vil koste 5 millionar
kroner i 2023 og 2024. Fullt trappa opp vil det koste 13,1 millionar kroner frå
og med 2029.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.