tirsdag 6. juni 2023

Ell sjøfly - Gammel nyhet i NRK


 Sjekk bloggen av 9. mars med video. 

Det kan være at elfly group ved en slik "ny" reportasje kan få fornyet interesse for prosjektet. Jeg synes dette høres interessant ut. Jeg kan legge til at noen AM (Advanced Mobility) prosjekter har sluppet opp for penger. (Red.)


Vil bruke elektriske fly mellom bysentrum

I løpet av få år kan elektriske fly lande på fjorden og takse heilt inn til sentrum i byar.

Montasje av elfly som taksar inn mot Bergen sentrum.

FLYGANDE BÅT: Ein flygande elektrisk båt som landar og tek av på buken ved brygga i Bergen kan vere framtida.

FOTO: ILLUSTRASJON: ELFLY GROUP

Bård SiemJournalist

Publisert i dag kl. 06:27 Oppdatert for 57 minutter siden

Dette kan vere løysinga for ei ny utsleppsfri flyrute mellom Førde og Bergen.

Konseptet blir presentert som eit av fleire alternativ i ein fersk rapport utarbeidd av Transportøkonomisk Institutt (TØI).

Forskarane slår fast at planane kan la seg realisere og at flyruta kan få stor regionalpolitisk betydning for heile Vestlandet. Håpet er at både næringslivet og sjukehusa vil kunne nytte flyruta.

Føresetnader er statsstøtte, at ruta legg til rette for dagpendling, at det blir mange avgangar og at billettane er rimeleg prisa.

Elfly over Bergen sentrum

KLIMAVENLEG: Elfly Group ser føre seg å frakte passasjerar utsleppsfritt mellom byar og tettstader på Vestlandet. Her ved Byfjorden i Bergen.

FOTO: ILLUSTRASJON: ELFLY GROUP

I rapporten frå TØI kjem det også fram Noreg er godt eigna for elfly. Årsaka er lange køyreavstandar og ein distriktspolitikk som støttar opp om spreidd busetnad. Elektrifisering av luftfarten har brei politisk støtte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.