– Manøvrerte helikopteret omsynslaust
Helikopterpiloten som havarerte i Røldal i april blei etter styrten mistenkt for å ha vore rusa. Kort tid etter forsvann blodprøven frå lensmannskontoret. No er piloten tiltalt for omsynslaus føring, men ikkje for å ha vore rusa under flyginga.
BAKGRUNN:
Politiet var tidleg ute og fortalde at dei mistenkte at piloten var rusa før styrten, og det blei tatt blodprøve av han same dagen.
Blodprøven var eit av dei mest sentrale bevisa i saka, men forsvann frå Odda lensmannskontor.
LES OGSÅ: – Piloten styrte helikopteret uforsvarleg
Har ikkje erkjent straffskuld
Førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen har no tatt ut tiltale, men omtaler ikkje at piloten var mistenkt for å ha vore alkoholpåverka, og heller ikkje at blodprøva forsvann frå Odda lensmannskontor like etter ulukka.Forsvarar Sveinung Eliassen seier piloten ikkje har erkjent straffskuld.
– Me vil no, etter at me omsider har fått innsyn i etterforskingsdokumenta, gjennomgå korleis piloten skal stille seg til tiltalen og spørsmålet om straffskuld, seier Eliassen.
Ingen personar kom til skade i styrten. Ifølge Eliassen kjem straffesaka opp i februar.
Blodprøve forsvann frå lensmannskontoret
I over eitt år etterforska Spesialeininga for politisaker Odda lensmannskontor for å finne ut kva som skjedde med prøven. I mai i år blei saka lagt bort.– Det er ingenting som tydar på at nokon i politiet har tatt denne prøva, sa Jan Egil Presthus, sjef for Spesialeininga til NRK etter at etterforskinga var avslutta.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.