mandag 6. januar 2025

Kystbussen nyheter - Fra NRK

 


Kystbussen utvidar til flyplassar

Frå i dag skal Kystbussen utvide rutene sine til Stavanger lufthamn og Flesland, skriv dei i ei pressemelding.

Kystbussen køyrer i dag mellom Stavanger og Bergen. Frå i dag kjem nokre avgangar til å bli forlenga til flyplassane Flesland i Bergen og Sola i Stavanger frå hovudterminalane i kvar by.

– Vi er veldig glade for å kunne lansere dette utvida tilbodet med opptil seks daglege direkteruter til Sola og Flesland i kvar retning. Med desse nye direkterutene kan ein sleppe bussbyte, seier produkt- og konseptsjef for Kystbussen i Tide, Svein Helge Hauge.

I Bergen blir det seks daglege avgangar til flyplassen, medan det blir to daglege i Stavanger.

Til og frå Sola går avgangane på formiddag og ettermiddag. Bussen til og frå Sola kjem også til å stoppe på Stavanger universitetssjukehus. Tilbodet kan bli utvida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.