Langs ei av Noregs tøffaste kystlinjer
Fest
setebeltet! I «Kortbaneliv» møter vi menneske som er avhengig av flytilbodet
for å leve og bu langs Finnmarkskysten. Premiere på NRK1 og i NRK TV onsdag 19.
oktober.
FOTO: NRK
Johannes
LangloKommunikasjonsrådgjevar
Publisert 10. okt. kl. 12:11 Oppdatert 10. okt. kl. 12:15
Del på Facebook Del på Twitter Del på epost
Små flyplassar, ekstremt vêr og uredde pilotar.
Gjennom ei luftig reise langs ei av Noregs mest vêrharde kystlinjer møter vi
passasjerar og dei som gjer alt dei kan for at folk skal kome seg fram.
Vi vert kjend med Kjell Roger i flytårnet i
Mehamn, der han har dei siste arbeidsdagane sine som AFIS-fullmektig før tårnet
vert automatisert. Og flyvert Mads Ole som sørger for at passasjerane føler seg
trygge i lufta.
Kjell Roger i tårnet i Mehamn
hjelper pilotane med å handtere krevjande forhold.
FOTO: NRK
Vêrhardt
Passasjerar, flybesetning og bakkemannskap trassar
flyskrekk, store avstandar og handterer dårleg vêr. Alt for å gjere det mogleg
å bu og leve eit godt liv i Noregs ytste utkant.
Mads Ole og kollegaene
handterer både flyskrekk og turbulens når dei er i lufta.
FOTO: NRK
Vi besøker stader ein berre kan nå med fly når
været er dårleg. Frå Hasvik til Vadsø, den såkalla «mjølkeruta».
Vi møter Ingrid som pendlar mellom mor og far, og
ikkje alltid har vêrgudane på si side. I tillegg møter vi Carlos frå Spania som
er på jakt etter dei beste surfemoglegheitene.
Finnmark byr og på vakre
omgivnader, så lenge det er opphaldsvêr.
FOTO: NRK
«Kortbaneliv» er ein ekte og nær dokumentar som
byr på eit innblikk i korleis det er å bu og leve langs Finnmarkskysten.
Premiere på NRK1
og i NRK TV 19. oktober.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.