NYHETSSENTER TROMS OG FINNMARKFLYSELSKAPET NORWEGIANFLYSELSKAPET WIDERØE
Konkurransetilsynet seier mellombels nei til Norwegians Widerøe-kjøp
Konkurransetilsynet seier mellombels nei til Norwegians oppkjøp av Widerøe.
Det skriv dei i ei pressemelding. Det var E24 som først omtalte saka.
Det kan vere fare for at konkurransen i den norske marknaden for luftfart blir svekka om Norwegian får kjøpe Widerøe. Konkurransetilsynet må derfor gjere ytterlegare analysar av oppkjøpet, heiter det i meldinga.
– Marknaden for luftfart er ein stor og viktig marknad for norske forbrukarar. Velfungerande konkurranse er avgjerande for at norske flypassasjerar skal ha eit best mogleg tilbod til lågast mogleg pris. Det er naudsynt med ytterlegare analysar av korleis Norwegian sitt kjøp av Widerøe vil påverke konkurransen i marknaden, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese.
Det var i juli at luftfartsselskapet Norwegian annonserte at dei ville kjøpe Widerøe.
Konkurransetilsynet hadde første frist til å kome med sine førebels vurderingar av oppkjøpet i dag, 15. september.
Dei må kome med ny vurdering innan 17. november. Då skal dei enten godkjenne oppkjøpet eller varsle selskapa om at det kan vere aktuelt å stanse det, skriv dei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.