Fallskjermhopparar omkom i flystyrt
I Polen miste 11 menneske livet då flyet til ein fallskjermklubb styrta laurdag.
Det var 11 fallskjermhopparar om bord i tillegg til piloten. Den einaste overlevande er alvorleg såra, opplyser Justyna Sochacka, talskvinne for naudetatane i landet til nyheitsbyrået AFP.
Mistanke om for tung last
– Tolv personar var om bord i flyet og den einaste overlevande er frakta til sjukehus. Tilstanden er alvorleg, fortel Sochacka.Flyet var av typen Piper Navajo og tilhøyrde ein privat fallskjermklubb.
– Det flaug veldig lågt over hustaka og det kom merkelege lydar frå motoren. Plutseleg vippa flyet over til den eine sida og tok fyr, seier augevitne Barbara Minczykiewicz til den polske nettavisa Gazeta Wyborcza.
På fallskjermskulen si heimeside står det at flyet har kapasitet til 10 personar. Det er mistanke om at flyet var overbelasta, ifølgje den polske TV-stasjonen tvn24.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.