Cold Response 2022 er ei norsk militærøving der allierte og partnernasjonar er inviterte til å delta. Øvinga vert gjennomført 14.–31. mars 2022. Her er meir informasjon om øvinga: Informasjon til media - Forsvaret

Presse som ønskjer å dekke besøket i Bardufossområdet må akkreditere seg til Forsvaret. Påmelding innan fredag 25. mars kl. 14.00 til e-postadressa info@mil.no. Ta med gyldig pressekort og ID.

Praktisk informasjon:

Det er mogleg å delta med eigen bil eller Forsvaret kan støtte med eigna transport mellom avdelingane som skal besøkast. Vi kontaktar alle som melder seg på med skildring av oppmøtestad, styrkar som skal besøkast og program for dagen. På grunn av avgrensingar på kor mange som kan vere til stades under nokre av besøka, kan det vere at ikkje alle påmeldte kan vere med på alt.

Pressekontaktar for statsministeren:

Statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48114514, e-post ssh@smk.dep.no.

Kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, e-post ingrid-brandal.myklebust@smk.dep.no, telefon 99 50 19 17.

Pressekontakt i Forsvarsdepartementet:

Kommunikasjonsrådgivar Lars Gjemble, e-post lgj@fd.dep.no, telefon 90 97 38 91.

Pressekontakt i Forsvaret

Oberstløytnant Vegard Norstad Finberg, e-post vfi@fd.dep.no, telefon 95 30 36 36.