Regjeringa vil redusere billettprisane og styrke rutetilbodet på FOT-rutene
Pressemelding | Nr: 24/23 | Dato: 15.03.2023
- Dei regionale flyrutene er ein viktig del av samferdselstilbodet i distrikta. Derfor har regjeringa vedteke å styrke rutetilbodet og redusere billettprisane i dei komande FOT-utlysingane med avtaleoppstart i 2024, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
- Det er viktig for denne regjeringa å gjere det lettare og billigare å reise langs kysten vår. Lågare prisar vil betre kvardagen for mange på Vestlandet og i Nord-Noreg. Det er mange som er avhengige av kortbanenettet, enten det er bedrifter, pendlarar eller folk som skal besøke familie. Vi starta med å redusere ferjeprisane, og vi gjorde ferjene gratis fleire stadar. No følger vi opp med å styrke flytilbodet. Vi minskar prisane for dei som brukar fly og kortbanenettet i kvardagen, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.
Regjeringa har vedteke ei auka satsing for å styrke flyrutetilbodet i distrikta. I FOT-utlysingane, som kjem seinare i vår, vil ein gjennomføre fleire tiltak:
Lågare billettprisar og auka setekapasitet
Billettprisane på FOT-rutene er i dag regulert gjennom maksimalt tillate billettprisar, full fleksibel éin veg. Desse vert halvert frå 1. april 2024 for rutene betjent med fly i Sør-Noreg og Nord-Noreg og for helikopterruta Værøy–Bodø frå 1. august 2024. Dette vil minske avstandskostnadane for både innbyggjarar og næringsliv. For å ta omsyn til ein mogleg vekst i etterspurnad vil krava til setekapasitet aukast der talet på reisande er venta å stige mest.
Betre tilgjengelegheit frå Helgeland og nordover
Det har over fleire år vore eit lokalt ønske om tidlegare landing i Bodø for rutene frå Helgeland, med tanke på moglegheit for dagsreiser til universitetssjukehuset i Tromsø. Regjeringa ønsker å imøtekomme dette for å betre legge til rette for pasientar og andre brukarar av flyrutetilbodet nordover.
Endra rutestruktur og ny FOT-rute i Finnmark og Nord-Troms
Regjeringa legg opp til å foreta endringar i ruteopplegget i Finnmark og Nord-Troms. Styrka korrespondansekrav, færre krav til forbindelsar, og ny FOT-rute mellom Kirkenes og Tromsø skal styrke transporttilbodet mellom Aust-Finnmark og Tromsø. Dette er i tråd med ønska til Troms og Finnmarks fylkeskommune.
Krav til nattparkering ved Røros lufthamn
Det er problem med morgontåke i periodar av året på flyruta Røros–Oslo, noko som har svekka regulariteten på flyruta. Tåke er meir problematisk ved landing enn ved avgang. I den komande konkurransen vil det bli stilt krav om at flyet skal stå nattparkert på Røros lufthamn. Dette er i tråd med lokale ønsker.
Flyruta Stord–Oslo tas inn i FOT-ordninga
I etterkant av pandemien har det kommersielle flyrutetilbodet mellom Stord og Oslo blitt svekka. Dette har medført lokale ønske om at flyruta blir inkludert i FOT-ordninga for å sikre eit føreseieleg flyrutetilbod. Regjeringa har merka seg dette og ruta vil bli ein del av utlysinga med avtaleoppstart 1. april 2024.
Kapasitetskrav på helikopterruta Værøy–Bodø
Når den nye avtalen trer i kraft 1. august 2024 blir maksimal billettpris på helikopterruta Værøy–Bodø halvert. Dette er i tråd med dei andre FOT-rutene. som for dei andre FOT-rutene. I den komande utlysinga vil det også bli stilt krav om minst 15 seter i helikopteret for å sikre at kapasiteten i rutetilbodet blir vidareført på dagens nivå.
Regjeringa la nyleg fram stortingsmeldinga Meld. St. 10 (2022–2023) om ein berekraftig og sikker luftfart, der geografisk berekraft var eit av fire mål for den vidare utviklinga av norsk luftfart. Geografisk berekraft inneber mellom anna at befolkning og næringsliv i heile landet har god tilgjengelegheit til lufthamner med eit tilstrekkeleg rutetilbod, til ein overkommeleg pris. - I Hurdalsplattforma satt regjeringa seg eit mål om lågare priser og fleire avgangar på kortbanenettet. No følger vi opp desse måla med konkrete tiltak, seier Nygård.
Fakta: FOT-ruter
Der marknaden aleine ikkje gir eit tilfredsstillande flyrutetilbod kan samferdselsdepartementet kjøpe flyrutetenester for å sikre eit godt flytilbod over heile landet. Desse flyrutetenester blir kjøpt etter ein offentleg konkurranse blant flyselskapa, og vert pålagt såkalla forpliktingar til offentleg tenesteyting (FOT) på flyruter, der det er krav til billettpris, kapasitet, frekvens og ruter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.