lørdag 25. mars 2023

Sander tar en av Norges tøffeste utdannelser - NRK video

 

Sjekk hele artikkelen med video her: https://tinyurl.com/ykr9t7mc

Sander kan bli Noregs neste jagarflypilot


Luftforsvaret treng fleire pilotar. Sander (20) er ein av dei som vil forsvare Noreg i ein eventuell krig.

PUBLISERT FOR 2 TIMER SIDEN

Oda Elise SvelstadJournalist

Det er tidleg på morgonen. Det skarpe ljoset og den klare lufta på Bardufoss gjer Sander skjerpa.

Etter fleire veker med tung teori skal han endeleg få sjansen. Han skal opp i fly for fyrste gong. Sjølv om det er instruktøren som flyg, kjenner Sander på nervane.

For teori skal om til praksis, og det er viktig at han følgjer med og får med seg alt.

Viss ikkje kan han kome bakpå. Det er han ikkje tent med i ein av Noregs mest krevjande utdanningar.

– Det er overveldande i starten. Korleis skal eg klare dette? Det er veldig mykje på ein gong, og mykje du ikkje har gjort før, fortel Sander.

Alt han gjer blir vurdert. Er han god nok til å bli med vidare, eller ikkje?

Sander klarer å halde seg roleg. Fokusere. Etter kvart dett bit for bit på plass. Han føler seg tryggare.

– Å kjenne på den meistringskjensle er herleg, og det gjer du mykje på ein stad som dette, understrekar han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.