tirsdag 28. november 2023

Likhet for loven, Ukraina vs. Gaza? - NRK

 

Kommentar sakset fra X - Den har antakelig omgått sensuren til Elon Musk som har besøkt Bibi.


Barth Eide om krigens reglar: – Viss vi meiner det i Ukraina, må vi meine det i Midtausten

Vesten blir kritisert for å ha dobbelmoral i krigen i Ukraina og Midtausten. Utanriksminister Eide meiner vi må ta aktive grep for å unngå denne oppfatninga.



Splitting rundt Vesten rolle i krigen i Midtausten, kan føre til lågare støtte til Ukraina. Det uroar utanriksminister Espen Barth Eide.

FOTO: Siv Dolmmen

Synne Malen SandvenJournalist

Simen EkernEuropa-korrespondent

Vi rapporterer frå Oslo/Brussel

Publisert i dag kl. 14:43 Oppdatert for 3 timer siden


Russlands president Vladimir Putin bidrog til å samle Vesten då han gjekk til krig mot Ukraina i fjor, og vestlege land har stått stødige i si støtte til det ukrainske folket.

Men etter at verdas merksemd har vendt seg bort frå Ukraina og mot krigen i Midtausten, er utanriksminister Espen Barth Eide no uroa for at den nærast unisone støtta til Ukraina kan smuldre opp.

Dette meiner utanriksministeren kan henge saman med korleis Vestens tilnærming til krigen mellom Israel og Hamas kan bli oppfatta, og at Vesten kan ha mista noko av sin tillit:

– Vi ser no ei større splitting mellom landa som støtter Israel, og det store fleirtal som opplever at det er sterke «dobbelstandardar», og at ein i altfor liten grad forstår det palestinske perspektivet, seier Eide til NRK.

Les hele artikkelen her: https://tinyurl.com/mryjf7t9

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.