torsdag 30. november 2023

SAS taper store penger - Skylder på de elementene konkurrerende selskaper har hevet seg over - NRK

 


SAS tapte 2,1 milliardar svenske kroner i fjerde kvartal

 

Tala frå fjerde kvartal viser at SAS tapte 2, 1 milliardar. Det kjem fram av pressemeldinga til flyselskapet.

Til NRK seier konserndirektør Kjetil Høybråten at resultatet ber preg av at SAS framleis er i ei omstillingsfase etter pandemien. Han peiker dessutan på dyr valuta og høge drivstoffprisar, i tillegg til at SAS er under konkursbeskyttelse i USA, ein såkalla Chapter 11-prosess.

– Me har ein prosess pågåande i USA, og me kan ikkje kostnadsføra dei forbetringane me får i Chapter 11 før me er ute av prosessen.

– Det viktigaste kriteriet for å koma ut av ein slik prosess er nye eigarar og ny kapital som kan sikra selskapet for framtida, seier han.

I starten av oktober kunngjorde selskapet at det skulle takast av børsen, og at eigarane vert Air France-KLM, Castlelake, Lind Invest og den danske stat går inn på eiersiden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.