Dei to statsministrane skal besøke Bergensområdet for å diskutere både klima, energi og forsvarssamarbeid. 

– I ei usikker tid er det ekstra viktig å kunne snakke saman om felles interesser og prioriteringar. Storbritannia er ein av våre aller viktigaste allierte i Nato. Vi er allierte der, allierte i nord, og allierte i kampen for Ukrainas fridom og sjølvstende. Mellom anna leiar Storbritannia og Noreg den maritime koalisjonen til støtte for Ukraina, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Samarbeid mellom Storbritannia og Noreg om det grøne skiftet, forsvar og tryggleik, handel, og situasjonen i Ukraina og Midtausten vil òg stå på dagsorden.

– Vi jobbar tett med britane, og har eit omfattande og historisk forhold. Storbritannia er også ein av dei viktigaste handelspartnarane for Noreg. Vi har samarbeida om CO2-handtering i over 20 år, og meir samarbeid med britane kan gje både klimakutt og arbeidsplassar her heime, seier Støre.

Fakta om norsk samarbeid med Storbritannia

  • Storbritannia er ein av våre største handelspartnarar. I 2023 var Storbritannia det viktigaste eksportlandet for Noreg. Norske bedrifter eksporterte varer for over 350 milliardar kroner til Storbritannia, mellom anna fisk, straum og metall. Import frå Storbritannia utgjer over 45 milliardar kroner.
  • Det er over 250 norske bedrifter i Storbritannia, særleg innan energisektoren. Norsk næringsliv er til stades i dei fleste sektorar.
  • Noreg samarbeider med Storbritannia for det grøne skiftet. Det inkluderer mellom anna energisamarbeid og forsking, karbonfangst og lagring, kraftutveksling, havvind og blått hydrogen.

Presse som ønskjer å dekke besøket må akkreditere seg til rhs@smk.dep.no innan søndag 15. desember kl. 12.

Pressekontakt for statsminister Jonas Gahr Støre er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post anne-kristin.hjukse@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ragnhild H. Simenstad, telefon 91 71 74 59, e-post rhs@smk.dep.no.