Reiselivet vil ikkje ha helikopterturistane
Fleire reagerer på helikopterplanane i Hardanger. Fjord Norge meiner helikopterstøy vil øydelegga naturopplevinga turistane er ute etter.
Leif Rune Løland Journalist
Anders Nøkling GrafikkStatkraft har søkt om konsesjon for helikopterturisme i området ved Vøringsfossen i Eidfjord. Hytteeigarar i området fryktar helikopterturistar i skytteltrafikk dersom kraftprodusenten får godkjend planane.
– Om helikopter skal gå skytteltrafikk tjue gongar om dagen, vil det øydelegga idyllen fullstendig, sa hytteeigar Siren Toftesund til NRK onsdag.
– Eit tilbod om helikopterturisme er i kontrast til det me veit turistane er på jakt etter i Noreg: Rein, stille og urørt natur, seier administrerande direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen.
– Står i kontrast til det turistane ynskjer
Hyttefolk og fastbuande er ikkje dei einaste som reagerer. Reiselivsnæringa er heller ikkje frå seg av begeistring.– Eit tilbod om helikopterturisme er i kontrast til det me veit turistane er på jakt etter i Noreg: Rein, stille og urørt natur, seier administrerande direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.