Formålet med bloggen er å bidra til informasjon om luftfart av alle slag. Også litt om ubåter og forsvarsspørsmål. Nyheter vil du finne her også, en del på engelsk som er det mest brukte luftfartsspråket. Har du selv noe som bør komme ut, så send meg en mail til per.gram@hesbynett.no - Politikk på alle nivåer over hele verden er i kaos. Voldsomme endringer kan finne sted på kort tid, som også kan få innvirkning på forsvarsdisposisjoner. Det må kommenteres.
Her er tilbodet pilotane fekk frå Norwegian i natt
Norwegian har offentleggjort punkta dei tilbydde pilotane, men som ikkje førte fram til ein slutt på streiken. Parat seier det er ei gåte at ikkje ei løysing har kome på bordet.
Norwegian-sjef Bjørn Kjos (t.h.) og NPU-leiar Halvor Vatnar gjekk tomhendte frå forhandlingsbordet etter 16 timar hos riksmeklar Nils Dalseide.
Stillingsgaranti frå morselskapet i tre år for alle pilotar i Skandinavia (garanti mot nedbemanning)
Konsernansiennitet for alle kortdistanse-pilotane. Solide karrieremoglegheiter også på langdistanseflygingane
Uendra lønsvilkår (snittløn kaptein 1,1 millionar kroner per år før forsikring og pensjon, styrmann vel 740.000 kroner per år før forsikring og pensjon)
Minimum 184 fridagar i året
Marginale endringar i arbeidstid og fleksibilitet
Pensjon: høgaste sats på innskotspensjon, lukka ytelsespensjon for dei som har 10 år eller mindre att til pensjonsalder (65 år)
Skattefri utbetaling på ca. 3,5 millionar kroner ved tap av flysertifikat
Felles forhandlingsrett for dei norske, svenske og danske pilotane
Norwegian: Skuffet
Kommunikasjonssjef Anne-Sissel Skånvik i Norwegian.
– Ei gåte
Men desse punkta har ikkje vore nok for pilotane. Parat, som forhandlar for pilotane, seier til NRK at dei har forsøkt å kome med forslag til løysingar, lagt fram ulike alternativ, og at dei er forundra over at inga løysing er komen på bordet.
– Det er ei gåte for oss også. Me hadde reelle forhandlingar i natt, og etter å ha utveksla ulike forslag til løysingar, så konkluderte begge partar at det ikkje var grunnlag til å forhandle vidare klokka halv seks i morgon, seier forbundsleiar i Parat, Hans-Erik Skjæggerud, som i natt sat i lange forhandlingar med Norwegian. – Men det kan ikkje vere ei gåte. Det må vere nokre punkt der Norwegian ikkje er villig til å gi, kva punkt er det?
– Det er ei gåte for oss, fordi gjennom desse forhandlingane, så haldt me fram med å gi på mange av dei områda som me har gitt før. Me har føreslått endå meir fleksibel arbeidstid til dømes, og kompensasjonsordningar som me har føreslått å ta bort. Men me har ikkje fått noko tilbake, seier Skjæggerud.
Han seier at dei heller ikkje har fått noko gjennomslag på sitt viktigaste punkt, nemleg ein tariffavtale med moderselskapet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.