– Det kjem nok til å ta tid før Norwegian sitt omdømme tek seg opp att. Det kan komme til å ta år, så streiken har nok gitt Norwegian ei stor ripe i lakken når det gjeld omdømme.

– SAS vil tene på kort sikt

Det seier Pål Rasmus Silseth som er leiar for Norsk Kundebarometer ved Handelshøyskolen BI. I fjor kunne han offentleggjere nye tal som viser at Norwegian taper terreng stadig meir terreng til SAS i kampen om best omdømme.
Pål Silseth
Pål Silseth, leiar i Norsk Kundebarometer, meiner Norwegian får ei stadig større ripe i omdømmelakken.
Foto: BI
SAS opplevde eit enormt omdømmetap i 2006, då uvanleg mange streikar lagde trøbbel for SAS Braathens. Same år hadde Norwegian sin omdømmetopp. Men sidan den gong har gapet mellom dei to forsvunne, og SAS har i dag betre score enn konkurrenten.
– Den eine sitt brød – den andres død. Vil SAS tene på Norwegianstreiken?
– Ja, dei vil tene på det på kort sikt. Men det kan også opne opp for at andre aktørar kan kome seg inn på den norske marknaden, seier Silseth.
– Korleis påverkar denne streiken Norwegian sitt omdømme i utlandet?
– Vanskeleg å seie. Flygingar utanfor Skandinavia har ikkje blitt ramma på same måte. Men det byrjar etter kvart å bli ein del omtale av streiken i internasjonal media også, og negativ omtale er aldri positivt, poengterer Silseth.

– Kjos står fram truverdig

Omdømmeeksperten trur at kundane uansett vil kome fort tilbake til Norwegian så snart streiken er over. Det er berre ved gjentakande streikar at eit flyselskap vil oppleve kundenedgang.
– Om folk får eit inntrykk av at dette er eit firma ein ikkje kan stole på, så går det utover billettbestillinga. Det vil ta ei lita veke før ein er tilbake til normalen. Kundane tenkjer kortsiktig, og tenkjer mest på lommeboka. Om dei trur at dei kjem seg fram, som jo er det viktigaste, så kjøper dei billettar av Norwegian, seier Silseth.
– Bjørn Kjos seier han ikkje får sove fordi han tenker på kundane. Trur du han på det?
– Eg synest Kjos står fram som truverdig og oppriktig. Eg trur dette går personleg inn på han. Eg trur ikkje han tenkjer på lommeboka i det heile tatt. Han har nok pengar, meiner Silseth.

Norwegian håper å vinne tilbake tilliten

I ein kommentar frå Norwegian seier pressetalsmann, Lasse Sandaker Nielsen, til NRK at det først og fremst er passasjerane som taper på streiken.
– Ein streik har ingen vinnarar, berre taparar, først og fremst våre passasjerar som me trass alt lever av. Når alle skandinaviske pilotar er i streik, flya står på bakken og over 100 000 passasjerar vert råka, så seier det seg sjølv at det vert mykje frustrasjon, skriv Sandaker Nielsen i ein mail til NRK.
Han forsikrar om at Norwegian gjer alt dei kan for å ta vare på passasjerane, og at dei håper tilliten kan vinnast tilbake.
– Me gjer alt me kan for å ta vare på passasjerane, og håpar at me, når konflikten er over, kan vinne tilbake att tilliten til dei som har gått glipp av feriar, bryllaup og andre viktige tilstellingar medan dei skandinaviske pilotane har streika.