– Vi fekk prøvd oss ein kort periode i nokre av kommunane i fjor sommar, og det var veldig vellykka, seier dagleg leiar Daniel Boden i Scandinavian Skies AS.
Selskapet Scandinavian Skies med base i Bergen vil ta turistane med på rundtur over fjord, fjell og bre i sjøfly. Frå Eidfjord, Ulvik, Eid, Stryn og Sogndal som base.
I fjor fekk selskapet dispensasjon, men kom ikkje i gong før juni. Difor ønskjer selskapet no å få med seg ein heil sesong, for å sjå om det er grunnlag for eit permanent tilbod.
– Det er eigentleg første sesongen vi har høve å jobba med kontraktspartnarar og bygga dette opp, og vi har store ambisjonar og planar framover, seier Boden.

Vil vite om det er verdt å driva

Aktivitet med sjøfly utover tolv flyrørsler (landing eller avgang) per veke krev konsesjon. Scandinavian Skies har i første omgang søkt om dispensasjon frå dette konsesjonskravet og søkjer om maksimum 80 flyrørsler i veka.
Selskapet har valt dispensasjonssøknad framfor konsesjonssøknad for å danna seg eit bilete av kundepotensialet og kvar det kan vera verdt å driva. Men om konseptet viser seg vellykka, vil dei søkja konsesjon for 2019.
– Tilbakemeldingane har vore veldig bra. Spesielt i Eidfjord har turistinformasjonen, lokale bedrifter og cruiseturistar vore veldig nøgde, seier Boden.Negativ til helikopterturisme
Denne veka fortalde NRK at Statkraft har søkt om konsesjon for helikopterturisme frå sin landingsplass i Eidfjord. I området ligg fleire kjente naturattraksjonar, som Vøringsfossen og Hardangerjøkulen, og at hytteeigarar i området fryktar helikopterturistar i skytteltrafikk dersom kraftprodusenten får godkjend planane.
Fleire reagerer på helikopterplanane i Hardanger. Fjord Norge meiner helikopterstøy vil øydelegga naturopplevinga turistane er ute etter. Det er i dei same områdene i Eidfjord at det vil også bli turistflyging med sjøfly.
– Støy er alltid eit problem. Men i forhold til helikopter, så er sjøfly stillegåande og lagar ikkje støy ved landing, berre ved avgang. I tillegg tar vi sjølvsagt omsyn til busetnad og vi har ikkje fått klagar på dette, seier Boden.
Boden meiner at sjøfly er eit attraktivt tilbod og at turistnæringa har gitt uttrykk for at dei ønskjer eit slikt produkt.


Daniel Boden
YNSKJER Å SATSE PÅ SJØFLY FOR TURISTER: Daniel Boden er dagleg leiar i Scandinavian Skies AS.
Foto: Privat

Søknad ute på høyring

Luftfartstilsynet har sendt søknaden ut på høyring, og skriv i e-post til NRK at slike søknader ikkje er vanlege, men det var ein liknande søknad om dispensasjon frå same selskap i fjor. Då fekk selskapet dispensasjon.
Luftfartstilsynet har ikkje full oversikt enno kor mange innspel som har kome inn, men det er både positive og negative innspel til turistflyging. For Eidfjord kommune er det gitt utsett frist til 27. februar til å koma med høyringsinnspel.
Det er enno ikkje klart når det er venta at behandlinga av søknaden er klar.