Formålet med bloggen er å bidra til informasjon om luftfart av alle slag. Også litt om ubåter og forsvarsspørsmål. Nyheter vil du finne her også, en del på engelsk som er det mest brukte luftfartsspråket. Har du selv noe som bør komme ut, så send meg en mail til per.gram@hesbynett.no - Politikk på alle nivåer over hele verden er i kaos. Voldsomme endringer kan finne sted på kort tid, som også kan få innvirkning på forsvarsdisposisjoner. Det må kommenteres.
STYRTA MED FEM OM BORD: Halepartiet til helikopteret som styrta ved Røldal skisenter i fjor vart riven av i styrten. Alle dei fem personane i helikopteret overlevde.
Foto: Egil Torheim / NRK
Spesialeininga legg vekk saka mot lensmannskontoret i Odda
Ingenting tydar på at nokon i politiet har fjerna blodprøva av den promillemistenkte piloten etter helikopterstyrten i fjor.
Det var 27. april i fjor at eit helikopter styrta i bakken ved Røldal skisenter. Politiet har heile tida mistenkt av piloten som førte helikopteret var rusa, men blodprøva av piloten forsvann plutseleg frå lensmannskontoret i Odda.
I over eitt år har Spesialeininga for politisaker etterforska Odda lensmannskontor for å finna om det er politiet som har gjort ei kriminell handling og fjerna blodprøva frå politistasjonen. No har dei konkludert. – Det er ingenting som tydar på at nokon i politiet har tatt denne prøva, seier Jan Egil Presthus, sjef for Spesialeininga til NRK.
LEGG VEKK SAKA: Jan Egil Presthus, sjef for Spesialeininga for politisaker, seier at det ikkje er noko som tydar på at politiet har fjerna blodprøva frå lensmannskontoret. Foto: NRK
Ferdig etterforska
Politiet var tidleg ute og fortalde at dei hadde mistankar om at piloten var rusa før flyet styrta, og same dag som ulukka skjedde vart det tatt blodprøve av piloten.
Blodprøva var eit av dei mest sentrale bevisa i saka, men blodprøva var borte vekk frå Odda lensmannskontor då politiet kom på jobb «til normal kontortid» etter ulukka. – Me har gått inn for å kartlegge om det kan vera tilsette i politiet som har gjort noko straffbart i denne saka. Men det er ingenting som tydar på at nokon i politiet har fjerna prøva, seier Presthus.
Presthus vil ikkje gå vidare inn på om det er teikn på at andre har brote seg inn på Odda lensmannskontor og fjerna prøva.
Saka vert henlagt
Etterforskinga har bestått av å avhøyre tilsette i politiet og andre vitne. I tillegg er det gjennomført fleire kriminaltekniske undersøkingar for å sikre mogelege DNA spor og fingeravtrykk.
Men no er saka henlagt av Spesialenheten. – Kvifor har etterforskinga tatt så lang tid?
– Det som dessverre har tatt lang tid er å få svar på dei kriminaltekniske analysane som er gjennomført, seier Presthus.
– Kan bli etterforska vidare av politiet
Sjølv om saka mot Odda lensmannskontor er henlagt, er det framleis mogeleg for politiet å finne ein gjerningsmann, ifølgje Presthus.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.