– Alt gjekk i grunn fint heilt til nasehjulet trefte ein hump,
fortel Svalheim.

Sjekk video her: http://tinyurl.com/qauor3a
Han er den stolte eigar av eit mikrofly med toppfart på 215
kilometer i timen og plass til to personar. Heldigvis var det
langt frå toppfart då landinga skjedde.
– Farten er berre rundt 40 km/t når vi landar, og 
når dette skjedde, stod vi praktisk talt i ro, seier 
Svalheim.

Stod lenge på vippen

Då nasehjulet trefte humpen, fekk flyet ein vipp, og vart
ståande på nasen, bokstavleg tala, og vippe.
– Og der stod vi nokon sekund, seier Svalheim, som hadde
ein passasjer med seg i flyet.
Men balansering er ein farleg sport, også for mikrofly. Så
det gjekk som det måtte gå.
– Vi stod og vippa, og så tippa flyet. Det var då vi 
banna, seier Svalheim.
Flyet la seg roleg og fint over, dessverre med det resultatet
at det vart skadar propellen og halen.
– Det er utruleg surt, meir er det ikkje å seie om den saka,
seier Svalheim. som tok sertifikat på mikrofly i fjor haust.
(Artikkelen held fram under biletet)


Reidar Svalheim - IKKJE SKREMD: Reidar Svalheim understrekar at episoden var heilt utan dramatikk, og at han så raskt som råd vil på vengjene att. - Foto: Silje Bjerknes / NRK
IKKJE SKREMD: Reidar Svalheim understrekar at episoden var heilt
utan dramatikk, og at han så raskt som råd vil på vengjene att.
FOTO: SILJE BJERKNES / NRK

Ikkje heilt nøgd med rullebana ...

– Litt bittert at første landinga på ny rullebane enda slik?
– Det kan du trygt seie. Eg er ikkje heilt nøgt med rullebana
nett no, seier Svalheim.
Men han understrekar at episoden var heilt utan dramatikk,
og at han slett ikkje har teke skrekken når det gjeld flyging.
– No får vi berre få fiksa flyet. Vi får sende av garde 
delane og få dei i orden att. Men det er surt, rett og 
slett, seier Svalheim, som sjølv har laga til den 150 
meter lange rullebana til mikroflyet sitt.
– Det er utruleg at det går an, men slik vart det no. Det er
ikkje så mange andre å skulde på, seier Svalheim.